USS «Akron» (ZSR-4)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
USS «Akron» under jomfruturen, den 2. november 1931.

USS «Akron» var eit amerikansk luftskip som vart bygd for den amerikanske marinen. Saman med søsterskipet USS «Macon» vart USS «Akron» utstyrt som flygande hangarskip.

Luftskipet var utstyrt med hangar for fire Curtiss F9C Sparrowhawk jagarfly og ein trapésanordning som flya hekta seg på under innhenting. Sjølv om flya var klassifisert som jagarfly var den primære rolla rekognosering, og luftskipet vart først og fremst sett på som eit langtrekkande rekognoseringsplattform.

USS «Akron» gjekk tapt med 73 av mannskapet under ein storm natt til den 4. april 1933.

Prototypen XF9C-1 Sparrowhawk hektar seg på trapésanordningen for innhenting av fly om bord USS «Akron» under utprøving av systemet