USS «Williamsburg» (AGC-369)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
President Truman boards USS Williamsburg (1946)
Karriere
Namn: «Aras»
Eigar: Hugh J. Chisholm
Verft: Bath Iron Works
Kjølhalt: 19. mars 1930
Sjøsett: 8. desember 1930
Overtatt: 15. januar 1931
Lagnad: Erverva av the US Navy, 24. april 1941
Karriere
Namn: USS «Williamsburg»
Kalla opp etter: Williamsburg i Virginia
Overtatt: 24. april 1941
Sett i teneste: 7. oktober 1941
Teke ut av teneste: 30. juni 1953
Lagnad: Overført til National Science Foundation,
9. august 1962
Karriere
Namn: «Anton Bruun»
Kalla opp etter: Anton Frederik Bruun
Operatør: Woods Hole Oceanographic Institution
Overtatt: 9. august 1962
Lagnad: Seld 1971
I dag i opplag i La Spezia i Italia
Generelle mål (i teneste for US Navy)
Deplasement: 1834 tonn full lasta
Lengd: 74,3 m
Breidd: 11 m
Draft: 4,3 m
Framdrift: 2 × Winton dieselmotorar, 1100 hk
Fart: 13,5 knop
Mannskap: 81
Utrusting: • 2 × 76 mm kanonar
• 6 × .50 kal. maskingevær
• 2 × .30 kal. Lewis-maskingevær
• 2 × søkkeminekastar
• 1 × "Y"-kanon
handskytevåpen; 16 rifler og 10 pistolar

USS «Williamsburg» var ein kanonbåt i US Navy og sidan ein privat yacht, som tete som presidentyacht frå 1945 til 1953. 1953.

Skipet vart bygd i stål som «Aras» og vart sjøsett 8. desember 1930. US Navy tok over skipet den 24. april 1941 og kalla ho «Williamsburg» og ho vart ombygd som kanonbåt av Brewer Drydock and Repair Co., i Brooklyn i New York. Etter ombygginga i 1941 tente «Williamsburg» i Nord-Atlanteren under andre verdskrigen.

Etter krigen vart presidentskip og fekk namnet AGC-369. Dei neste åra tente ho to presidentar, Harry S. Truman og Dwight D. Eisenhower, og var i drift fram til 1953, før ho gjekk attende til marinen. Skipet vart omsider stroke frå lista til US Navy i april 1962.

«Williamsburg» vart overført til National Science Foundation 9. august 1962 og vart ombygd frå presidentyacht til oseanografisk forskingsfartøy ved Woods Hole Oceanographic Institute. Skipet fekk no namnet «Anton Bruun» etter den kjende danske marinbiologen. Skipet hadde ti tokt i Indiahavet og seinare fleire tokt i Sørishavet i området kring Humboldtstraumen. I 1968 skulle skipet reparerast men fekk store skadar då tørrdokken brått sokk. Skipet vart reparert og var i mange år restaurantskip ved Salem River i New Jersey. I 1993 vart skipet seld til Italia og planen var å bygge om skipet til eit luksuriøst cruiseskip, men dette vart aldri noko av og skipet ligg i dag i opplag i La Spezia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]