USS Houston (SSN-713)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
USS Houston (SSN-713).

USS Houston (SSN-713) er ein av USA sine undervassbåtar av Los Angeles-klassa og det fjerde skipet i marinen til USA som vart kalla opp etter byen Houston. Kontrakten for å byggje båten vart gjeve den 1. august 1975 og kjølen vart lagt ned den 29. januar 1979. USS Houston vart sjøsett den 21. mars 1981 og sett inn i teneste i september 1982.

Teneste[endre | endre wikiteksten]

Skipet har vore med i to filmar, blant anna Jakten på Rød Oktober (en: The Hunt for Red October), der Houston spelar systerskipet Dallas.

Den 1. august 2008 meldte CNN at det hadde leke ut radioaktivt materiale frå fartøyet i fleire månader medan skipet var i teneste Japan, Guam og Hawaii. Ein person hadde blitt utsett for stråling, men vart ikkje skada. USA-marinen vedgjekk etterkvart at lekkasjen kunne ha gått føre seg i opptil to år, men hevda at lekkasjen ikkje var verre enn frå røykvarslar.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mike Mount (7. august 2008). «Navy says sub leaked radiation since 2006». CNN.com. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]