UTC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konvertere UTC
til lokal nomaltid (vintertid)
US Pacific Standard Time UT -8
US Mountain Standard Time UT -7
US Central Standard Time UT -6<
US Eastern Standard Time UT -5
US Atlantic Standard Time UT -4
GMT Greenwich Mean Time UT
CET Sentraleuropeisktid
Norsk normaltid
UT +1
Aust-europeisk tid UT +2
Moskva-tid UTC +3
India standardtid UT +5:30
Vest Australia
standardtid
Hong Kong-tid
Kinesisk standardtid
UT +8
Japan/Korea standardtid UT +9
Sentral-Australia
standardtid
UT +9:30
Aust-Australia
standardtid
UT +10
For meir, sjå tidssoner.

UTC er ei kortform som står for Coordinated Universal Time og gjev grunnlag for å referere til sivil tid i alle land. Dei to første bokstavane står for universell tid (engelsk Universal Time), og den tredje bokstaven seier at det er koordinert tid (engelsk Coordinated).

På norsk skriv vi ofte universell tid UTC dersom me ønskjer å presisere kva som meinast med dei tre bokstavane UTC.

UTC gjev døgnet timar fra 00 til 23 og vert ofte nytta for å referere til tidssoner og gjev då avviket frå tida ved nullmeridianen. UTC er dermed etterfølgjaren til Greenwich middeltid (GMT, Greenwich Mean Time).

UTC vert rekna ut frå ein middelverdi basert på data frå fleire atomur rundt om i verda. I 2003 vart det nytta data frå 260 atomur. Ingen av desse klokkene får ha ei tid med meir enn 30 milliarddels sekund feil per døgn. I Noreg er det Justervesenet som gjev måledata. Justervesenet si utgåve av UTC kallast formelt for UTC(JV).

Ei internasjonal avtale seier at UTC og tidsskalaen UT1 ikkje skal ha eit større avvik enn 0,9 sekund. Difor må UTC synkroniserast med UT1 jamnleg. Dette vert gjort ved bruk av eit skotsekund. Perioden mellom to skotsekund er kring 3,5 år.

No er klokka:[endre | endre wikiteksten]

Les òg[endre | endre wikiteksten]

  • Universell tid UT1 - ein annan tidsskala som baserer seg på jordrotasjon