UV/VIS-spektroskopi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

UV/VIS-spektroskopi er ein spektroskopisk metode brukt i analytisk kjemi. Ei kyvette med prøveløysning vert sett inn i eit spektrometer. Der vert lys med kjend bølgjelengd sendt gjennom prøva. I dette tilfellet er det synleg lys og UV-lys. Mengda lys ein prøve absorberer vert målt. Ulike stoff vil absorbere ulike bølgjelengder, og absorbansen er proporsjonal med konsentrasjonen av stoff.

Kvalitativt kan ein skilja ulike stoff ved å samanlikna spekter teke opp over mange bølgjelengder. Kvantitativt kan teknikken nyttast til å finna mengda av eit stoff. Da er det som regel nyttig å måla ved ei eller få bølgjelengder som gjev høg absorbans for det aktuelle stoffet.