Udsigt gennem tre af de nordvestlige buer i Colosseums tredje stokværk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Udsigt gennem tre af de nordvestlige buer i Colosseums tredje stokværk av C.W. Eckersberg frå 1815–1816. Olje på lerret 32 × 49,5 cm. Måleriet tilhøyrer Statens Museum for Kunst i København og har museumsnummer KMS3123

«Udsigt gennem tre af de nordvestlige buer i Colosseums tredje stokværk» (den fulle tittelen er: Udsigt gennem tre af de nordvestlige buer i Colosseums tredje stokværk. Tordenskyer trækker op over byen) er eit måleri av den danske kunstmålaren C.W. Eckersberg, utført i 1815–1816.[1]

Måleriet er utført under det tre år lange studieopphaldet Eckersberg hadde i Roma og framstiller ein utsikt over byen sett frå Colosseum. Han måla motivet ute i det fri, noko som var heilt nytt blant danske kunstnarar på denne tida.

Eckersberg, som i Danmark har fått tilnamnet «Guldaldermaleriets far», var den første i den danske målarkunsten som interresserte seg for å måle landskap og byrom. Både valet av eit utsyn over Roma som motiv, og måten utsynet over byen er ramma inn på ved hjelp av bogane i veggen i Colosseums tredje etasje (tredje stokværk), var noko heilt nytt. Detaljane har vore viktige for han, slik det går fram av både sjølve målarstykket og av den utførlege tittelen han gav det. Likevel er ikkje dette ei skildring av motivet slik det strengt tatt såg ut for han, men ei så ven og forførande framstilling som det var mogleg å gjere ved hjelp av klassiske verkemiddel i form av stramme, reine liner og harmonisk balanse. Biletet kan eigenleg sjåast som ein konstruksjon ettersom det ikkje er ein utsikt, men tre, som har blitt sette saman til eitt motiv. Motivet utrykker kunstnarens personlege syn på utsikten, sett med hans auge.

Måleriet har eit dramatisk ljos av uver med grå skyer som møter ei sterk sol. Då alle detaljane i bakgrunnen er teikna med presisjon, kan Eckersberg ha nytta kikkert. Sansen for detaljane og den presise teknikken som pregar dette måleriet, vart eit ideal for dei kommande vidgjetne danske målarane i den perioden som går under nemninga gullalderen i den danske målarkunsten, frå om lag 1815 til 1850.

Å sjå gjennom buer vart eit mykje nytta motiv på 1800-talet. Eckersberg har brukt same teknikken i mellom anna måleriet Klostergården i S. Maria in Aracoeli, Rom frå same tid.

Udsigt gennem tre af de nordvestlige buer i Colosseums tredje stokværk er stilt ut på Statens Museum for Kunst i København og vart tatt opp i den danske Kulturkanonen i 2006.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]