Ufaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ufa
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 53 100 km²
Lengd 918 km
Middelvassføring 388 /s
Kjelde Ufimskojesjøen i Sør-Uralозеро Уфимское в хребте Уралтау
Munning Belaja
Kart
Ufaelva
55°31′45″N 60°07′04″E / 55.5292°N 60.1178°E / 55.5292; 60.1178
Wikimedia Commons: Ufa River

Ufa (russisk Уфа, basjkirsk Ҡариҙел, Qaridhel) er ei elv i Tsjeljabinsk oblast, Sverdlovsk oblast og Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Belaja frå høgre i nedslagsfeltet til Volga.

Ho er 918 km lang med eit nedslagsfelt på 53 100 km².

Ho spring ut frå innsjøen Ufimskojeved Uraltauryggen i Uralfjella. Ho startar som ei fjellelv og renn i ein trong dal. I den midtre delen er det fleire stryk, medan den nedre delen er rolegare og svingete.

Ufa om hausten

Elva har ei middelvassføring på 388 m³/s, men på det meste har det vorte målt 3740 m³/s og på det minste 55 m³/s.

Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i desember og vert isfri att i april eller tidleg i mai. Palovskaja vasskraftverk ligg ved elva.

Ved munningen av elva ligg byen Ufa.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]