Uffe av Angeln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Uffe, Offa eller Uffo var ein halvmytisk konge av Angeln400-talet. Han er skildra inngåande hjå Saxo Grammaticus, som har gjort han til ein tidleg konge av Danmark. Han var son av Vermund og far til Angeltheow. Uffe var oldebarn av Odin i følgje nokre kjelder. Han er og skildra hjå Svein Åkeson

Uffe var den største av kjempene i den angliske kongerekka, og vidgjeten for karsstykka sine.

Holmgang[endre | endre wikiteksten]

Saxo fortel korleis Uffe heldt seg i bakgrunnen det meste av ungdomstida, og tagde til det meste, slik at folk meinte han var både stum og vitlaus. Vermund, far hans, ville gifte han bort til ei dotter av kong Frovin, for at denne skulle hjelpe Uffe med råd når han vart konge sjølv. Freawin vart drepen av ein sveahovding kalla Athisl, og Vermund tok seg av sønene hans, Kete og Vige. Desse to hemna far sin og drap Athisl. Folk som stod ikring, tok til å håne anglarane, sidan dei laut vera to mot ein, i staden for å møte Athisl mann mot mann. Saksarane meinte no at Vermund var for gamal og svak til å rå for Angeln, og gjekk mot dei med ein hær. Dei svivyrde Vermund, som var gamal og blind på denne tida, og kravde at han skulle gå mot saksarkongen i einvig. Då var det Uffe steig fram og sa han skulle gå einsam mot kongen for å hemne den svivyrdinga det var at to hadde gått mot ein mann. Slik ville han vinne att æra for anglarane.

Møtet hende seg ved Rendsburg, på ei øy i Eider. Han møtte to på ein gong, og vann over dei båe. Kjeldene seier han vann seg stort gjetord, og eit kongerike, ved dette verket.

Soga minnar om korleis anglarkongedømet på denne tida var pressa frå fleire kantar. Offa av Mercia rekna ættlina si attende til Uffe av Angeln.

Frovin eller Freawine i soga, og sønene hans, er historisk knytt til kongeætta i Wessex.