Uffiziane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uffiziane, sett frå Palazzo Vecchio

Uffiziane (av italiensk:uffici =kontor) er eit bygningskompleks i Firenze, bygt i tida frå 1559 til ca 1581 for å hyse departementa og embetskontora til bystaten Firenze. Arkitektar for bygningane var Giorgio Vasari, Bernardo Buontalenti og Alfonso Parigi den yngre.

Kunstverk som Medici-ætta hadde skaffa seg vart lagra i etasjen over kontoretasjane. Desse måleria og skulpturane danna grunnlaget for eit av dei eldste og mest berømte kunstmusea i verda. Samlingane består av eit rikt utval av italiensk og særleg florentisk målarkunst frå 1400- og 1500-talet, heilt opp til seinbarokken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]