Ufrivillig barnløyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ufrivillig barnløyse vil seia at eit par ikkje kan få barn saman på naturleg måte. Det kan vera mange grunnar til at par ikkje kan få barn saman, mellom anna sterilitet hjå ein av partane, men framleis er mange av årsakene ukjende for medisinen.

Gjennom tidene har folk utført ulike ritual som mellom anna skulle auka sjansen deira for å få barn. Par eller kvinner som ikkje fekk barn kunne til dømes vitja heilage stader eller utføra særskilde offer. I dag finst det mange medisinske metodar som kan hjelpa ufrivillig barnlause par å likevel få ungar, til dømes prøverøyrsmetoden. Ein annan måte å handsame barnløyse på kan vera gjennom adopsjon eller å oppfostra ungar andre ikkje kan ta vare på.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.