Uftiuga ved Nordre Dvina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uftiuga
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 6 300 km²
Lengd 236 km
Middelvassføring 37,5 /s
Munning Nordre Dvina
Kart
Uftiuga ved Nordre Dvina
62°13′16″ N 48°4′17″ E

Uftiuga er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Nordre Dvina. Ho har ei lengd på 236 km og eit nedslagsfelt på 6 300 km². Elva frys til siste halvdel av oktober eller november og er isdekt til slutten av april eller byrjinga av mai. Elva vart nytta til transport av tømmer i sovjettida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]