Ugarittisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ugarittisk språk)
Ugarittisk
Klassifisering: afroasiatisk
 semittisk
  Sentralsemittisk
   Nordvestsemittisk
Bruk
Utdøydd: 1100-talet f.Kr.
Språkkodar
ISO 639-2: uga

Ugarittisk er eit utdøytt språk som høyrer til dei semittiske språka. Språket er kjent frå tekster som er funne i oldtidas Ugarit. Ugarittisk vart skrive med ugarittisk skrift.

Ugarittisk er eit nordvestleg semittisk språk, oppdaga av franske arkeologar i 1928, og er berre kjend i form av dei skriftene som er funne i oldtidsbyen Ugarit som låg på det som i dag er Ras Shamra i Syria.[1] Desse tekstene har vorte nytta av forskarar av Det gamle testamentet for å klargjera bibelske hebraiske tekstar og har avsløra korleis den israelittiske kulturen hadde parallellar i den samtidige nabokulturen. Ugarittisk har vorte karakterisert som «den største litterære oppdaginga frå oldtida sidan tydninga av egyptiske hieroglyfar og mesopotamisk kileskrift.»[2]

Leirtavle med tekst frå Baal-syklusen. Louvre.

Tekstmateriale[endre | endre wikiteksten]

Ugarittisk har vorte dokumentert i tekster frå 1300- og til 1100-talet f.Kr.[3] Byen Ugarit vart øydelagd ein gong mellom 1180 og 1170 f.Kr.

Dei litterære tekstene som vart oppdaga i Ugarit er blant anna Legenda om Keret, Aqhateposet (eller Legenda om Danil), Myten om Baal-Aliyan, og Baals død — dei to sistnemnde er òg kollektivt kjent som Baal-syklusen — alle avslørar aspekt av ein kanaanittisk religion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Greenstein, Edward L. (2010): «Texts from Ugarit Solve Biblical Puzzles», BAR 36:06, Nov./Des. 2010, ss. 48-53, 70. Òg publisert på nettstaden til Biblical Archaeology Review[daud lenkje]
  2. Gordon, Cyrus Herzl (1965): The Ancient Near East. W. W. Norton & Company Press. ISBN 0-393-00275-6. s. 99
  3. Quartz Hill School of Theology: Ugarit and the Bible


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.