Uggdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uggdal
stad
Kommunehusa i Uggdal og andre bygningar. Ein kan skimta Mehammarsåto som den høgaste toppen i den bakre horisonten.
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Tysnes
Postnummer 5685
Preposisjon i Uggdal
Kart
Uggdal
60°00′N 5°30′E / 60°N 5.5°E / 60; 5.5
Wikimedia Commons: Uggdal

UggdalTysnesøy er administrasjonssenteret i Tysnes kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. I Uggdal finn ein kommunehus, legekontoret, politiet og brannstellet i kommunen. Fylkesveg 49 går gjennom Uggdal. Reisoelvo munnar ut i området.

Uggdal skule og eine grasbanen til det lokale fotballaget Njardar/Tysnes. Fylkesveg 49 kryssar biletet.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Det eldste oppskrivinga av namnet er forma «Vpdal» frå 1288, som peikar på kyrkjesoknet. I to diplom frå 1328 og 1330 finn ein forma «i Uppdale». Gardsnamnet «Opdal» finn ein fyrste gongen nemnt i 1519.[1]

Den munnlege uttalen av både sokne- og gardsnamnet skal ha vore «Uggdal» lenge. Ei eldre form «Uppdalr» skal ha vorte til «Ubbdal», som seinare skal ha skift seg til «Uggdal».[1]

Namnet Uggdalseidet stammar frå 1933, då «Opdalseidet» vart endra til «Uggdalseidet» for å vera i harmoni med den munnlege uttalen av soknenamnet. Forma «Opdalseidet» stammar frå 1902, laga etter soknenamnet, då det erstatta «Møklestadeidet», ei sak som vekte noko lokal kontrovers sidan den nye forma skal ha vore meir eller mindre ukjend på folkemålet. Fyrste gongen forma «Opdalseidet» dukkar opp skal vera i 1870-åra, og då om den lokale dampskipstoppestaden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ernst Berge Drange (1987). Tysnes Gards- og ættesoge 2. s. 270. 
  2. Ernst Berge Drange (1987). Tysnes Gards- og ættesoge 2. s. 247. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.