Ugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ugle


Flekkugle Strix occidentalis
Flekkugle Strix occidentalis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Strigiformes

Dei nattaktive rovfuglane (Strigiformes) er stort sett ugler. Dei jaktar helst om natta, sjølv om det finst unntak. Uglene er ikkje i slekt med rovfuglane i ordenen Falconiformes.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ugler har typisk store, framoverretta auge som ser godt. Oppbygginga er ulik til dømes menneskeauge; dei er meir avlange enn kuleforma, og gjer at fuglane kan sjå byttet sitt på lang avstand. Klørne er lange, skarpe og bøygde og nebbet boga og kraftig.

Uglene har kraftige bryst- og vengemusklar til å flyge med. Nesten heile kroppen er dekt av fjør, slik at han er glatt og straumlineforma. Beina er lette, ofte hole, slik at fuglen veg mindre. Alle desse eigenskapane gjer ugler til dyktige flygarar.

Det finst stor storleiksvariasjon mellom dei ulike artane, og ofte er også hoa større enn hannen. Hjå nokre ugleartar er hoa opptil 50% større enn hannen.

Ugler i kulturen[endre | endre wikiteksten]

I europeisk kultur har uglene hatt ry på seg for å vera kloke fuglar, og har vore brukte som symbol på visdom og kunnskap. Dette kjem av at kyrkjeugla var den heilage fuglen til Atene, den greske visdomsgudinna. Men dette synet på fuglane er slett ikkje verdsomspennande; i India blir dei derimot sett på som svært dumme dyr.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ugleordenen blir delt inn i to familiar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]