Uglesvaler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uglesvaler


Nettuglesvale (Aegotheles bennettii)
Nettuglesvale (Aegotheles bennettii)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Aegothelidae

Uglesvaler (Aegothelidae) er ein familie av små nattaktive fuglar med slektskap til natteramnar og froskemunnar. Slekta Aegotheles samlar alle dei ni artane i familien. Dei fleste uglesvaler lever på Ny-Guinea, men nokre artar finst òg i Australia, Molukkane og Ny-Caledonia. Dette er ein monotypisk familie med slekta Aegotheles som samlar dei ni artane.

Uglesvaler er insektetarar som jaktar mest i lufta, men nokre gonger på bakken. Fjørdrakta er mjuk i kamuflerande farger i brunt med lysare nyansar. Dei har ganske små, svake føter, men større og sterkare enn hos froskemunnar og natteramnar. Nebbet er lite, men opnar seg usedvanleg breitt, og er omgjeve av framståande bustar. Vengene er korte, med 10 primære svingfjører og ca. 11 sekundære svingfjører; halen lang og avrunda.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Uglesvaler i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Aegotheles

  • Sotuglesvale, Aegotheles savesi, New Caledonian Owlet-Nightjar, CR, Layard & Layard, 1881
  • Storuglesvale, Aegotheles insignis, Feline Owlet-Nightjar, LC, Salvadori, 1875
  • Prikkuglesvale, Aegotheles tatei, Starry Owlet-Nightjar, DD, Pratt, 2000
  • Vatreuglesvale, Aegotheles wallacii, Wallace's Owlet-Nightjar, DD, Gray, 1859
  • Småuglesvale, Aegotheles archboldi, Archbold's Owlet-Nightjar, LC, Rand, 1941
  • Berguglesvale, Aegotheles albertisi, Mountain Owlet-Nightjar, LC, Sclater, 1874
  • Molukkuglesvale, Aegotheles crinifrons, Moluccan Owlet-Nightjar, LC, Bonaparte, 1850
  • Australuglesvale, Aegotheles cristatus, Australian Owlet-Nightjar, LC, White, 1790
  • manglar norsk namn, Aegotheles affinis, Vogelkop Owlet-Nightjar, DD, Salvadori, 1875
  • Nettuglesvale, Aegotheles bennettii, Barred Owlet-Nightjar, LC, Salvadori & D'Albertis, 1875

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]