Ugljan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ugljan
Geografi
Croatia - Ugljan.PNG
Stad Adriatarhavet
Koordinatar 44°05′N 15°10′E
Øygruppe Zadar
Areal 50,21 km²
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Zadar
Demografi
Folketal 7 583 (2001)
Folketettleik 151 /km²

Ugljan er ei øy i Adriatarhavet ved kysten av Kroatia, nordvest for øya Pašman og søraust for Rivanj og Sestrunj. Ho har eit areal på 50,21 kvadratkilometer, ei lengd på 22 km og er opp til 3,8 km brei. Det bur 7 583 menneske på øya. Mellom øya og fastlandet ligg Zadarsundet, og ho er forbunde med øya Pašman av ei bru over Ždrelacsundet. Kalkstein er den dominerande bergarten på øya, som er dekt av krattskog, medan dolomittområdet er jordbruksland. Rundt øya ligg dei større vikene Muline i nordvest, Lamjana Vela og Lamjana Mala i søraust. Austsida av øya går slakt ned mot sjøen.

Ugljan er ei av dei tettast folkesette øyane i Kroatia. Alle busetnadane (Preko, Ugljan, Lukoran, Sutomišćica, Poljana, Kali, Ošljak og Kukljica) ligg langs den oppdyrka austkysten på øya. Her vert det stort sett dyrka oliven, fiken og vindruer. Det går ei ferjerute frå Preko til Zadar.

Øya vart først nemnd med dagens namn i 1325, men ho har vore busett sidan neolittisk tid. Ho var tett folkesett alt under romartida, særleg dei nordvestlege delane der det ligg store romerske ruinar av antikke bygningar. Dagens busetnadar går tilbake til mellomalderen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]