Ukhta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Utah i USA
Ukhta
Ухта
Byvåpenet til Ukhta
Byvåpenet til Ukhta


Plassering
Ukhta is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Komi
Grunnlagd
Bystatus
1929
1943
Borgarmeister Oleg Kasartsev
Geografi
Flatevidd
 - By

13 200 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

103 500
  7,8 /km²
Koordinatar 63°34′00″N 53°42′00″EKoordinatar: 63°34′00″N 53°42′00″E
Høgd over havet 100 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 169300–169319
Retningsnummer (tlf) (+7)82147
Nettstad: mo.ukhta.ru

Ukhta (russisk Ухта) er ein viktig industriby i Republikken Komi nordvest i Russland.

Byen ligg ved Ukhtaelva, der landsbyen Tsjibju vart bygd opp frå 1929. I 1939 vart namnet endra til Ukhta. Tettstaden fekk bystatus 1943, då han vart knytt til Petsjora-jarnvegen.

Ukhta ligg ved elva Petsjora. Området er viktig for utvinning av olje og naturgass. Noko av dette vert raffinert lokalt. Mestedelen vert frakta gjennom røyrleidningar til oljeraffineri mellom St. Petersburg og Moskva.

Byen auka i flatevidd og folketal i 1940-åra og 1950-åra, mykje på grunn av utkommanderte tvangsarbeidarar. Mange av desse var politiske fangar, send der medan Josef Stalin styrde Sovjetunionen. I 2001 var folketalet i byen på kring 112 000.