Ukiyo-e

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hiroshige: Mann med paraply
Kunisada: Morgongry ved Futamigura ca 1830

Ukiyo-e er ei samlenemning på ein sjanger innanfor japansk biletkunst under den såkalla Edotida, eller Tokugawa-perioden, som varte frå 1603 til 1868. Bileta, dei aller fleste forma i tresnitt, skildra dagleglivet til utvalde sjikt av bybefolkninga. Livskjensla og verdsåskodinga til den nye borgarskapen og mykje av fleirtalet av befolkninga i dei store byane i Japan, særleg i samtidige Edo (dagens Tokyo), vart formidla gjennom tresnitt i fargar, illustrerte bøker og måleri.

Sjangeren nådde eit høgdepunkt i andre halvdelen av 1700-talet og litt inn på 1800-talet. Kunstnarar som Harunobu, Utamaro, Hokusai og Hiroshige er mellom dei fremste representantane for ukiyo-e.

Utvalde ukiyo-e[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ukiyo-e

Kjelder[endre | endre wikiteksten]