Uksenøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uksenøya
Geografi


Stad Sunnmøre
Areal 108 km²
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Ålesund

Uksenøya, også kalla Oksnøya ligg i Ålesund og Skodje kommunar på Sunnmøre, og har eit flatemål på om lag 108 kvadratkilometer. Den er den største av dei øyane som utgjer Ålesund. Ålesund sin vestlege del av øya er på om lag 62 km2, og Skodje sin austlege del på om lag 46 km2.

Øya er relativt lang og smal, om lag 26 km lang, frå Nørvasundet i vest til Dragsundet i aust.

Det om lag 7,48 km2 store Brusdalsvatnet ligg om lag midt på øya. Brusdalsvatnet er langt og smalt, knapt 10 km langt og om lag 1,3 km breitt på det breiaste. Brusdalsvatnet er drikkevasskjelda til Ålesund kommune.

Øya har brusamband med fastlandet i Dragsundet, der E39 som går saman med E136 går over til fastlandsdelen av Skodje kommune. E39 og E136 skil lag på Moa i Ålesund, der E136 går vidare vestover til Ålesund sentrum, med bru over Nørvasundet til Nørvøya. På Moa går E39 sørover til Vegsundbrua over til Sula kommune, og med vidare samband sørover med ferje til Ørsta kommune. Frå Blindheim går Riksveg til Magerholm med ferjesamband til Ørsneset i Sykkylven kommune. Riksveg går vidare til Valle i Skodje nær Dragsundet, der det er kryss med E39/E136.

Den delen av øya som ligg i Ålesund kommune høyrde fram til 1968 til dåverande Borgund kommune, som då vart slått saman med Ålesund. Det har skjedd ei svært stor utbygging på øya, både når det gjeld bustader og næringsliv. Eit av dei største kjøpesentera i landet ligg på Moa.

Tre av dei 7 bydelane i Ålesund ligg på øya:

Folketalet på den delen av Uksenøya som ligg i Ålesund kommune er såleis om lag 24.000.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Mange mindre øyar med namn som Usksnøya, Yksnøya eller Oksøy, har fått namnet fordi dei har vorte brukte til oksebeite.[2] Denne øya er så stor at namnet må eit anna opphav. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelsebeskrivelse at på garden Hesseberg «sees 3 store, runde og jevnsidesliggende stene, kaldt Øksne, av hvilke den store halvø hvorpaa gaarden ligger, har i gamle dage vært kaldt Øksenø, fordi den da blev anset som en ø.»[3]

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketalskart for Ålesund kommune frå 2008, vitja 27. januar 2010
  2. Kristian Bugge: Om namnet "Yksnøy" (Oksenøen)
  3. Hans Strøm. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør. II

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kristian Bugge: Om namnet "Yksnøy" (Oksenøen).Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 1916 - 1917. 8-9de aargang.