Ulf Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulf Aas

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1919
Oslo
Død

16. desember 2011 (92 år)
Oslo

Yrke illustratør, frimerkekunstnar
Far Mathias Widerøe Aas

Ulf Aas (fødd 14. september 1919 i Oslo, død 16. desember 2011) var ein norsk teiknar og illustratør. Han var særleg kjend som avisteiknar i Aftenposten.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ulf Aas vart utdanna frå SHKS der han gjekk eitt år i bokkunstklassen. Han vart tilsett som reklameteiknar i A/S Høydahl Ohme reklamebyrå i 1939, men starta å arbeide som avisteiknar for Aftenposten frå 1. januar 1948. Sidan leverte han bidrag til avisa heilt fram til han døydde, mellom anna til Per Arne Dahl sine søndagsartiklar «Under en åpen himmel». Han har elles illustrert ei stor mengd med bøker.

Ulf Aas har skildra natur i lyriske stemningar, teikna teater, ballett og veddeløp, ofte med fokus på rørsle, reiseskisser og treffsikre, følsomme portrett i ein lett og elegant stil, gjerne utført med penn og blekk.

Ulf Aas er innkjøpt av Nasjonalgalleriet i Oslo, Bergen Billedgalleri, Riksgalleriet og Norsk Kulturråd. Han mottok Kirke- og undervisningsdepartements pris for barnebokillustrasjoner i 1965.

Aas har elles vorte utmerka med Oslo bys Kunstnerpris og er kommandør av Tegnerforbundets orden. I 1999 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Han har òg Deltakarmedaljen med rosett for deltaking i andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]