Ulf Erik Knudsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulf Erik Knudsen (fødd 20. desember 1964 i Drammen) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 1997.
Knudsen er den kulturpolitiske talsmannen til partiet. Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk institutt 1986-1989, og har me.a. arbeidd i reklamebyrå, som journalist i Morgenbladet 1989-93, og som konsulent i Aetat 1994-97.
Han er medlem av Drammen bystyre 1987-99 og 2003-2011, og formannskapsmedlem 1995-99. Han var varamedlem Buskerud fylkesting 1987-1991; og fylkesleiar i Framstegspartiet i Buskerud 1995-98 og frå 2007.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–2013 medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen.
- 2005–2009 medlem av Familie- og kulturkomiteen.
- 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen.
- 1997–2001 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.