Ulla-Førre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulla-Førre
Storvassdammen 5 cropped.jpg
Kraftstabburet Blåsjø og Storvassdammen
Opna i 1982
Utbygd i 1974-1988
Stad Rogaland:

Aust-Agder:

Maskininstallasjon 2057 MW
Største utnytta fallhøgd 1055 m
Magasinkapasitet 8225 TWh
Eigd av Eigarskapet er delt mellom:
Nettstad www.statkraft.no

Ulla-Førre er det største vasskraftanlegget i Noreg og Nord-Europa, med ein installert effekt på ca. 2100 MW totalt. Årleg produksjon er i gjennomsnitt 4,45 TWh (1987-2006), og dei tre hovudkraftverka utgjer 7,5 % av den samla maskinkapasiteten i Noreg. Det blei investert 7,8 milliardar kroner i utbygginga, men produksjonsverdien blei i 2006 stipulert til ca. 22 milliardar.

Utbygginga av anlegget gjekk føre seg frå 1974-1988, og førte med seg ei rekke endringar i lokalsamfunnet. Suldal kommune hadde fram til anleggsstart ei nedgåande folketalsutvikling, men fekk kring 1000 nye innbyggjarar i utbyggingsperioden. Anleggssenteret for utbygginga blei lagd til Garaneset på Sand, og kraftverkgruppa Ulla-Førre har i dag administrasjon og sentralverkstad på Suldalsosen.

Anlegget hentar vatn frå eit 2000 km2 stort nedbørsfelt. Dette omfattar mellom anna den kunstige innsjøen Blåsjø, oppdemd av nokre av Noregs største dammar, deriblant Oddatjørndammen (høgste fyllingsdam), Storvassdammen (største fyllingsdam) og Førrevassdammen (største betongdam). I kraftverkgruppa Ulla-Førre inngår fleire kraftverk. Det største er Kvilldal kraftverk, som er Noregs største kraftverk målt i installert effekt (1240 MW). I tillegg inngår Saurdal kraftverk, Hylen kraftverk og Stølsdal kraftverk, samt to pumpestasjonar i Stølsdalen og på Hjorteland.

Utbygging[endre | endre wikiteksten]

Planlegging[endre | endre wikiteksten]

Utnytting av vatnet i området kring det som skulle bli Blåsjø blei tidleg aktuelt. Alt i 1912 sa Stortinget ja til å kjøpa fallrettar til Ulladalsåna. Dette var i ein periode der Staten kjøpte opp ei rekke fallrettar med tanke på seinare kraftutbygging. Det blei klart at Ulladalsåna måtte utnyttast saman med Førreåna, og etter andre verdskrigen kjøpte Staten fallrettane til elva frå ein privatperson. Rundt år 1960 var det intensiv utbygging av kraft, men Ulla-Førre blei ikkje prioritert. Dermed blei området liggande uutbygd mellom fleire anlegg, til dømes Røldal-Suldal i nord og Otra i aust.

Blåsjø med Førrevassdammen i bakgrunnen
Anleggsvegen ved Storvassdammen

Før utbygging blei vedteke, hadde det i årevis blitt planlagt at krafta skulle utnyttast mot Jøsenfjorden i Hjelmeland kommune (det såkalla Førrealternativet). Nærare anleggsstart blei det såkalla Suldalsalternativet lansert, og dette blei vald på bakgrunn av at det ville gi heile 40 % meir kraft. I tillegg hadde alternativet lettare tilkomst og betre utnytting av elvene sør for Suldalsvatnet. Både Suldal og Hjelmeland kommunar innsåg at ei strid om plassering ville vera negativt for begge, og dei blei einige om ei skattefordeling som skulle vera uavhengig av kva alternativ som blei utbygd. NVE gjekk inn for Suldalsalternativet utan nokon større strid, og Stortinget godkjende prosjektet i juni 1974.

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

Ulla-Førreutbygginga ville utnytta vatn som førte til ulemper for andre kraftselskap. Derfor gav ein Lyse Kraft og kraftselskapa i Otra eigardelar på høvesvis 7,8 % og 7,5 %. Det blei òg på denne tida etablert eit prinsipp om at vertsdistrikta skulle vera medeigar. Etter mykje usemje blei 15 % av Statkraft sin del gitt til Rogaland, og vidare fordelt slik at Lyse Kraft fekk 10,2 % og Haugesund Elektrisitetsverk 2,5 % av det totale eigarskapet.

Anleggsarbeidet[endre | endre wikiteksten]

Alt to år før vedtaket om utbygging kom dei første anleggsarbeidarane til Suldal. Det var då klart at utbygging i ei eller annan form ville koma, og ein begynte å byggja infrastruktur til anlegget. Ein ny fylkesveg som gav Vadla vegutløysing allereie det året utbygginga blei vedteken, gav innbyggjarane i vertskommunane ein tidleg smak på det positive prosjektet førte med seg. Suldal kommune fekk i anleggsperioden om kring 1000 nye innbyggjarar, og for ein kommune som frå før hadde 3600 innbyggjarar var det klart at ein måtte til med mykje tilrettelegging. Då kraftkronene seinare begynte å rulla inn hadde kommunen nærast blakka seg på bygging av skular og barnehagar, og tilrettelegging av bustad- og anleggstomter. I tillegg var det sterk politisk usemje i samband med bygging av lagerhall og administrasjonsbygg, som kom i konflikt med dyrka mark på Garaneset på Sand.

I starten var det eit problem at det var for få arbeidsfolk: Oljeindustrien tok til å etablera seg i Stavanger, og Statkraft hadde òg ei rekke andre anlegg under bygging. Ein måtte satsa på opplæring og unge krefter. Etter kvart som andre anlegg blei ferdige kom òg fleire av dei anleggsfolka som hadde vore med på desse. Utbygginga av Ulla-Førre varte derimot så lenge at ein del valde å busetja seg, og heldt fram med å bu der etter anleggsarbeidet tok slutt. Dei lokale fekk òg høve til godt betalt arbeid, og med det kom det ei synleg velstandsauke i kommunen. I arbeidsvekene budde arbeidarane i brakkeleirar. Den største var på Øvre Moen (rett ved Oddatjørndammen), der det budde rundt 400 personar på det meste. For å unngå den såkalla brakkesjuka (keisemd ved lengre opphald i einsformige omgjevnader) blei det sett opp ein provisorisk idrettshall for arbeidarane. I leiren var det i tillegg post- og banktenester, og dét fleire mil inn i fjellheimen. Ein annan leir, på Beinlei, hadde heilårsdrift trass i plasseringa 1100 moh. midt mellom dei to hovuddelane av Blåsjø. Det var òg leirar ved Førrevass og Storvatn. Talet sysselsette var på det meste (1983) om lag 1500, og leiar for anleggsarbeidet var Jacob de Rytter Kielland.

Den største hindringa i anleggsdrifta undervegs kom ved utsprenging av tunnelen Saurdal-Sandsa. Det lak heile vegen vatn gjennom fjellet, og dette måtte pumpast ut kontinuerleg. Under sprengingsarbeidet kom det plutseleg eit større vassinnbrot og arbeidarane måtte evakuerast umiddelbart. Tunnelen blei raskt fylt opp av vatn, og det tok fleire månadar å pumpa han tom att. I motsetnad til andre større kraftutbyggingar på denne tida var det lite motstand frå verneinteresser, slik at anleggsarbeidet ikkje blei hindra av aksjonar.

Ser ein utbyggingstida under eitt, var infrastruktur hovudprioritet i starten. Kraftstasjonane blei sett i drift før dammane ved Blåsjø var ferdig bygde; i mai 1982 kunne Kong Olav V opna Kvilldal kraftverk. Då var Hylen kraftverk alt sett i drift. Oddatjørndammen, Førrevassdammen, og Førreskarddammen stod ferdig i 1986, Storvassdammen i 1988. Anleggsarbeida blei offisielt avslutta ved årsskiftet 1988/89, men etterarbeid og opprydding heldt fram til og med 1989.

I samband med utbygginga blei det forskottert ei rekke vegar i distriktet, og den viktigaste var kanskje Suldalsvegen, som gav vegsamband på nordsida av Suldalsvatnet og dermed heilårleg samband til Austlandet. I tillegg gav denne samband til Hylen inst i Hylsfjorden, der det største utstyret til kraftverka blei teke i land (mellom anna transformatorane).

Anlegget[endre | endre wikiteksten]

Blåsjø sett frå anleggsvegen
Den største demningen i anlegget, Storvassdammen (9,7 mill. m³ i volum)

Blåsjø[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste delen av Ulla-Førre er kraftstabburet Blåsjø, ein innsjø som er kunstig oppdemd frå småvatn, elver og bekkar kring 1000 meter over havet. Tanken med eit slikt stort magasin er å kunna nytta dette mykje i år med lite nedbør. Blåsjø har så stor magasinkapasitet at denne då kan produsera mykje kraft, medan dei mindre magasina ikkje har høve til vanleg produksjon. Når det ikkje er tørrår lenger, vil ein nytta magasinet i langt mindre grad for å fylla det opp att. Vatnet har naturleg avløp i ulike retningar, og har djupner som ligg der det tidlegare var mindre fjellvatn. For å nytta magasinet fullt ut er det derfor bygd vasstunnelar mellom desse. Inntaket til tunnelen mot Saurdal kraftverk ligg ved Oddatjørndammen.

Dammar[endre | endre wikiteksten]

For å demma opp Blåsjø, blei det bygd fire store og ei rekke mindre dammar. I tillegg blei det bygd mange til dei mindre vatna i områda omkring, samt reguleringsdammen for Suldalslågen (sjå under). Dei blei bygd enten som fyllingsdammar (der Storvassdammen og Oddatjørndammen er dei høvesvis største og høgaste i Noreg) eller betongdammar (der Førrevassdammen (til venstre) er den største i Noreg). Fyllingsdammane er bygde med stein ytst, så eit lag med grus og så ein kjerne av finare materiale (f.eks. morenemasse). Unntaket er Storvassdammen, som har ein kjerne av asfalt: Det var så langt å transportera masse dit at ein i staden bygde eit asfaltverk ved dammen. Betongdammen Førrevassdammen var ingeniørteknisk komplisert, og blei bygd utan armeringsstål. Sidan det ikkje var sand i nærleiken brukte ein eit steinknuseri. Det anlegget blei etter anleggsslutt kjøpt opp av Norsk Stein, som nå er ei større bedrift ved Jelsa i Suldal.

Kraftverk[endre | endre wikiteksten]

Frå Blåsjø blir vatnet utnytta i tre steg. Saurdal kraftverk nyttar vatnet frå Blåsjø for å generera energi, men det kan òg pumpa vatn frå 600-metersnivået og Sandsavatnet opp til Blåsjø. Lenger ned mot Suldalsvatnet ligg det neste steget, Kvilldal kraftverk, Noregs største målt i installert effekt. Herfrå renn vatnet ut i Suldalsvatnet, før Hylen kraftverk nyttar fallet frå Suldalsvatnet og ned til Hylsfjorden. Stølsdal kraftverk nyttar bekkar og mindre vatn i området som ikkje blir fanga opp av dei andre kraftverka. Det er samstundes òg eit pumpekraftverk, og kan pumpa vatn opp til 600-metersnivået frå mellom anna Vassbottvatnet. Hjorteland pumpestasjon har same funksjon, og pumpar opp vatn frå Mosvatnet. Her har ein tre pumper a 2,2 MW.

Tunnelar[endre | endre wikiteksten]

Til utbygginga blei det sprengt ut over 100 kilometer tunnelar, for å samla og leia vatnet til og frå kraftverka. For å utnytta energien i bekkar og mindre vatn, blei det bygd ein lengre tunnel som tar inn vatn der det er vatn å henta. Denne tunnelen fungerer som, og blir òg ofte kalla, ei takrenna, og har endepunkt som ligg vel fire mil frå kvarandre i luftlinje. Som ledd i tunnelboringa gjennomførte ein den første vellukka fullprofils tunnelboring i hardt fjell (8 km frå Glommedalen til Grasdalen).

Suldalslågen[endre | endre wikiteksten]

Suldalslågen, ei god lakseelv, var gjenstand for mykje usemje i planleggingsfasen. Grunnen var at for å regulera Suldalsvatnet til Hylen kraftverk, måtte òg elva regulerast. Striden stod om kor mykje vatn som skulle sleppast gjennom Suldalsdammen og ut i lågen. Statkraft søkte om løyve til å prøva ut ulike vassføringar, og det blei gjort omfattande forsking på kva effekt det hadde på laksen. Ein har konkludert med at det bør vera høg vassføring vår og haust, for å reinske elvebotnen, og på grunn av smoltutgang. Om sommaren lønner det seg å ha eit svingande vasslepp. Gode laksefangstar i 2005 og 2006 provar at dette er ein metode som fungerer.

Drift[endre | endre wikiteksten]

Sandsavatnet tappa ned grunna vedlikehald i trykksjaktene til Kvilldal kraftverk
Blåsjø har lagd eit stort høgfjellsområde under vatn

Sjølv om eit vasskraftanlegg i prinsippet går av seg sjølv, treng Ulla-Førreanlegget ein større stab til drift og vedlikehald. Dei held til i Prestavika ved Suldalsosen. I tillegg til det vedlikehaldet som trengst ved vanleg bruk, har det vore ein del større problem som har måtta løysast. Den viktigaste kjelda til dette er luftputekammeret i Kvilldal kraftverk. Alt etter eitt års drift måtte ein tømma kammeret; det lak luft inn gjennom fjellet. For å hindra at dette skjer, laga ein ei såkalla vassgardin: Trykkvatn blir kontinuerleg injisert i fjellet rundt. Feil ved systemet gjorde ei ny tømming nødvendig. Konsekvensen er langvarige driftsstansar av kraftverket, ei viktig innvending mot bruk av så store luftputekammer. Av andre problem som måtte reparerast kan ein nemna skovlene på Kvilldal-turbinane (sprekkar), samt hovudtransformatorane i Saurdal og i Hylen.

Ulla-Førre blir styrt frå Sauda driftssentral saman med andre kraftanlegg på Sør-Vestlandet.

Konsekvensar av utbygginga[endre | endre wikiteksten]

Lokalsamfunnet[endre | endre wikiteksten]

For Suldal kommune hadde utbygginga store konsekvensar. Det kom om lag 1000 nye innbyggjarar til den fråflyttingstruga kommunen, og det blei skapt ny giv. Kommuneøkonomien blei markant betra, og det kom ei generell velstandsauke. Til saman 85 bustader blei bygd i kommunale bustadfelt på Sand, Suldalsosen og Vadla. Rett nok har folketalet sokke jamnt og trutt etter slutten på anleggstida, men det er framleis høgare enn før utbygginga starta. Kraftkronene gjorde det mogleg å støtta anna næringsliv i kommunen, og kvaliteten på dei offentlege tilboda er heva.

Grusuttaket i Moavatnet er dekt til av vatn i dag

Dei om lag 100 kilometrane med nye vegar har ført til langt lettare tilgang til fjellet. Frå den nå historiske brakkeleiren på Øvre Moen kan ein gå til Turistforeiningshytta i Stranddalen, som nå er utbygd til ein hyttelandsby. I tillegg delfinansierte og forskotterte Statkraft ein del vegar for at grender skulle få vegutløysing, mellom anna Bråtveit ved sørsida av Suldalsvatnet og Vanvik ved Hylsfjorden.

Naturinngrep[endre | endre wikiteksten]

Utbygginga av anlegget førte til store inngrep i til då urørt natur. Det mest synlege er sjølvsagt demningane, men det fanst òg ei rekke andre inngrep. Til dømes ville moreneuttak og steintippar for tunnelstein vera stygge sår. Statkraft la ned mykje pengar og arbeid i tildekking av desse områda, slik at det skulle sjå mest mogleg naturleg ut. På Nedre Moen trengde ein å henta store mengder grus. For å skjula dette tappa ein ned Moavatnet i ein kanal, henta ut grus der vatnet hadde vore, for så å heva vatnet ved anleggsslutt. Ved Sandsavatnet låg moreneuttaket til nokre av steinfyllingsdammane, noko det i dag er få spor etter.

Noko av Stavanger Turistforeinings nord-sør-rute og ei turisthytte blei neddemt av Blåsjø, og det blei etter nokre diskusjonar inngått avtale om bygging av nye turisthytter på, og flytting av stien til, austsida av innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ulla-Førre

God artikkel