Ullasundbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ullasundbrua er ei bjelkebrufylkesveg 150 i Haram kommune i Møre og Romsdal. Brua kryssar Ullasundet mellom Haramsøya og Flemsøya. Den opphavlege brua blei opna i 1969.

Mange bruer må reparerast fordi saltet i sjøvatnet øydelegg betongen og armeringsjernet i bruene. Den gamle Ullasundbrua var så skada at den måtte rivast og bli erstatta av ei ny bru. Dette skjedde i 1998, då brua berre hadde stått der i 29 år.

Ulla fyr ligg like nordvest for brua på Haramsøya.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]