Ullern kyrkje i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ullern kyrkje i Oslo
kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Vestre Aker
Sokn Ullern menighet
Stad Ullern kyrkje
Type Korskyrkje
Periode Romansk
Arkitekt Harald Bødtker
Teknikk Mur med pussa kvitkalka flater
Material Stein
Innvigd 3. juni 1903
 - Endringar 1939-1941 ved Domenico Erdmann
Tårn Firkanta tårn med tre vindauge på kvar side
Klokker Tre klokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi
Kyrkjegard Ullern kyrkjegard
Preikestol I tre frå 1903
Døypefont Font av kleberstein frå 1903
Altartavle Kormåleri av Eilif Peterssen; Kristi himmelfart
Orgel Frå Åkerman & Lund orgelbyggeri
Sitjeplassar 800 evt. 900[1][2]
Diverse Glasmåleri av Gabriel Kielland frå 1903
Kart
Ullern kyrkje
59°55′32″N 10°39′17″E / 59.92555556°N 10.65472222°E / 59.92555556; 10.65472222
Wikimedia Commons: Ullern kirke, Oslo

Ullern kyrkje er ei i romansk korskyrkje i stein frå 1903 på eigedomen Holgerslyst på Ullern i Oslo. Eigedomen vart gitt som gåve til kommunen av hoffsjef Herman Severin Løvenskiold. Kyrkja er teikna av Harald Bødtker og vart innvigd 3. juni 1903 av biskop Anton Christian Bang.[3]

Dei opphavlege teikningane til kyrkja var ved Georg Andreas Bull, stadskonduktøren i Oslo. Desse vart omarbeidd ved arkitekt Johan Storm Munch i 1899 og godkjend av kommunen. Teikningane gjekk tapt same år da garden Munch hadde kontor i brann ned. Oppdraget gjekk difor til Harald Bødtker som nett var tilsett som kommunearkitekt i Aker.[4]

Den korsforma bygningen er dominert av eit kraftig midttårn. Tårnet er firkanta og har tre vindauge på kvar side. Det vert avslutta av eit pyramideforma spir dekt av kopar.

I åra 1939-1941 vart kyrkja restaurert av Domenico Erdmann.[4]

Ullern kyrkje er rikt smykka ut og har tre galleri. Apsisen i koret er dominert av måleriet Kristi himmelfart som vart utført av Eilif Peterssen i 1908-1909. Det er måla al secco - på tørr murvegg. Måleriet var ei gåve frå statsminister Carl Otto Løvenskiold[3]Under måleriet er friser laga av Domenico Erdmann. I koret er òg ein bysantinsk baldakin boren av fire søyler i italiensk marmor.

I tverrskipa er Gabriel Kielland kunstnaren bak dei store glasmåleria som førestiller Kristus og evangelistane. Ved hovudinngangen er plassert eit bronserelieff av Wilhelm Rasmussen og i koret eit relieff av Anders Svor.

Preikestolen og døypefonten er begge frå 1903. Døypefonten er i kleberstein og laga av Joh. Grønseth & Co. Sølvfatet og vassmugga som høyrer til er frå gullsmedfirma David Andersen. Da kyrkja vart innvigd i 1903 hadde det eit orgel frå J.H. Jørgensens orgelfabrikk. Dette vart skifta ut med eit orgel frå Åkerman & Lund orgelbyggeri i 1987.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjeldene gjev opp ulikt tal på sitjeplassar, Oslo byleksikon skriv 900, Norsk kirkeleksikon 800. Kirkebyggdatabasen skriv 800.
  2. Ullern kirke / Kirkesøk
  3. 3,0 3,1 3,2 Oslo byleksikon side 592
  4. 4,0 4,1 Ullern kirke av Geir Tandberg Steigan frå Arc!

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]