Ullsfjorden i Troms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ullsfjorden (samisk Moskavuotna) er ein fjord i Karlsøy, Lyngen og Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 74 km sørover til Sjøvassbotn inst i Sørfjorden i Ullsfjorden.

Fjorden har innløp mellom Karlsøya i vest og Sørklubben i aust. Sør for Karlsøya ligg Reinøya på vestida av fjorden. Her ligg bygda Nordeidet ved fjorden. Sør for Reinøya går Grøtsundet vestover på sørsida av Ringvassøy til Kvaløya. På austsida av den ytre delen ligg dei to fjordarmane Nordlenangen og Sørlenangen.

Sørover frå Grøttsundet ligg bygdene Oldervik på vestsida og Lattervika på austsida. Litt sør for Lattervika ligg bygda Jægervatnet. Ved Breivikeidet på vestsida går det ferje over fjorden til Svensby. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 91. Like sør for dette ferjesambandet deler fjorden seg i to. Kjosen går søraustover, medan Sørfjorden held fram sørover. For fleire detaljar om denne delen av fjorden, sjå desse to fjordane.