Ullskjoldlus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ullskjoldlus


Maur og ullskjoldlus i India
Maur haustar honningdogg frå ullskjoldlus i India

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Orden: Hemiptera
Underorden: Sternorrhyncha
Overfamilie: Coccoidea
Familie: Pseudococcidae
Vitskapleg namn
Pseudococcidae

Ullskjoldlus (Pseudococcidae) er ein biologisk familie skjoldlus. Dei vert kjenneteikna av velutvikla antenner og bein, tydeleg leddelte kroppar og blaut hud. Som vaksne vert dei opp mot 4 millimeter lange.

I motsetnad til dei fleste andre skjoldlus kan hoene bevega seg gjennom heile livet sitt. I staden for å danna skjold, skil ho ut ein kvit voks som dannar eit pudderlag som vernar ho. Når ho legg egg dekkar ho dei og seg med kvit voksull og trådar.

Hannane hjå ullskjoldlus er 1 mm lange og utviklar seg i sylinderforma voksrøyr.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]