Ullswater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ullswater
Ullswater - Den mindre og nedre delen, sett frå Hallin Fell
Den mindre og nedre delen, sett frå Hallin Fell
Stad Lake District i England
Koordinatar 54°34′39″ N 2°52′30″ WKoordinatar: 54°34′39″ N 2°52′30″ W
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Største lengde 11,8 km[1]
Største breidde 1,02 km[1]
Overflateareal 8,9 km²[1]
Middeldjupne 25,3 m[1]
Største djupne 63 m[1]
Vassvolum 223 x 106[1]
Hydraulisk opphaldstid 350 dagar[1]
Høgd over havet 145 moh
Busetnadar Glenridding, Pooley Bridge

Ullswater er den nest største innsjøen i Lake District i England, og er om lag 12 km lang og 1 km brei. På det djupaste er han kring 60 meter.

Ullswater frå Seldom Seen i Glencoynedale.

Innsjøen er skapt av isbrear under den siste istida. Fjella kring Ullswater formar innsjøen som ein lang 'Z' som delar innsjøen i tre delar.

Opphavet til namnet 'Ullswater' er uklårt. Somme meiner det kjem frå namnet på ein norsk høvding, Ulf, som styrte over området[2], men det var òg ein gong ein saksisk Lord av Greystoke kalla Ulphus ved innsjøen.[3]

Landsbyen Glenridding ligg ved sørenden av innsjøen, og frå her går mange fotturistar forbi innsjøen på veg til fjella i området, mellom anna det tredje høgaste i England, Helvellyn. Landsbyen Pooley Bridge ligg heilt nord ved innsjøen. Det går fleire båtar på vatnet mellom landsbyane. Det er òg populært å segle på vatnet.

Donald Campbell sette verdsrekorden for høgast fart på vatn på Ullswater den 23. juli 1955, då han fekk vassflyet Bluebird K7 opp i ein fart på 325,53 km/h.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]