Ulrich von Löwendahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulrich von Löwendal

Ulrich Friedrich Woldemar Graf von Löwendal (1. april 170027. mai 1755) var ein feltherre og marskalk i Frankrike.

Löwendal tenestegjorde i hæren i 1713 under keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket og kjempa i Polen. Som frivillig slutta han seinare til danske teneste, men kom i 1716 tilbake til keisaren. I slaget ved Peterwardein og omleiringane av Timisoara og Beograd utmerkte seg.

Löwendal gjekk seinare inn i teneste for Kong August II av Polen, der han vart utnemnd som feltmarskalk og generalinspektør for det saksiske infanteriet. I 1733 vart han sett til å organisere forsvaret av Krakow mot det opprørske Polen. I 1734 og 1735 kommanderte han dei saksiske troppane ved Rhinen.

Löwendal gjekk så inn i teneste for den russiske hæren og slo tyrkarane ved Chotyn i 1739, og frå 1741 til 1743 kjempa han mot Sverige i Finland.

Heretter gjekk han inn i kong Ludvig XV av Frankrike si teneste under den austerrikske arvefølgjekrigen. Han vart generalløytnant i 1743 og utmerkte seg i omleiringa av Menen, Ypres og Freiburg i 1744. 1745 kommanderte han reserverkorpset i slaget ved Fontenoi, og erobra så Gent, Oudenaarde, Ostend og Nieuport. Den 6. september 1747 tok han Bergen op Zoom, før han deltog i omleiringa av Maastricht.

Ulrich von Löwendal døydde den 27. mai 1755 i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]