Ulrik Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrik Bugge
Fødd20. desember 1806
Død13. januar 1878 (71 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
BarnJohan Carl Bugge
Alle verv

Ulrik Bugge (20. desember 180613. januar 1878) var ein norsk lærar, prest og stortingsmann.

Bugge var fødd i Drøbak, der far hans då var kjøpmann, seinare flytta han verksemda til Christiania. Sjølv vart sonen student frå katedralskulen i hovudstaden i 1826 og cand. theol. i 1830. Deretter var han styrar ved borgarskulen i Fredrikstad frå 1832, kateket i Risør frå 1836. År 1842 vart han utnemnd til sokneprest i Herad i Vest-Agder. Dette kallet styrte han fram til 1855, då han vart sokneprest i Eid prestegjeld i Sogn og Fjordane. Han sat med det embetet til han døydde.

Bugge var 4. representant til Stortinget for Lister og Mandals amt i 1851 og 1854. I 1851 var han medlem av justiskomite nr 2 og lovkomiteen, i 1854 var han medlem av militærkomiteen.

Han døydde i 1878 på Nordfjordeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]