Ulset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulset
stad
Ulset, med delar av Myrdal (2010)
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 1 254  (2023)
Postnummer 5116, 5118, 5119 ULSET, 5131 NYBORG
Preposisjon Ulset
Gardnummer 189
Kart
Ulset
60°27′49″N 5°19′04″E / 60.46348111°N 5.317898°E / 60.46348111; 5.317898

Ulset er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 1254 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen.

Ulset ligg sentralt til i Åsane, i området som stundom vert kalla Midtbygda i Åsane. Frå siste halvdel av 1960-åra vart det bygd store bustadfelt i dei sørlege delane av Ulset. I området rundt kjøpesenteret Åsane storsenter, som houvdsakleg ligg på nabogarden Myrdal sin grunn, ligg fleire større varehus, mellom anna IKEA. På garden Ulset sin grunn ligg òg barneskulen Ulsetskogen skole og U. Pihls vidaregåande skule. Per 2010 er det framleis litt gardsdrift på garden med sauehald.

Ulset og nabogarden Myrdal har truleg vore same gard i gammal tid, men vart truleg delt alt i jernalderen. Leiglendingane på garden kjøpte bruka sine frå jordeigaren i 1707 og 1722. Det var då to bruk på garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 188-194

Fotnotar