Ulstein Group

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ulstein Group ASA er eit norsk industrikonsern med aktivitetar innan utvikling og bygging av skip, og kraft- og kontrollsystem. Konsernet har om lag 800 tilsette.

Gunvor Ulstein er no konsernsjef i Ulstein Group ASA.[1] Hovudkontoret er i Ulsteinvik, Noreg.

Dagens Ulstein Group har sitt opphav i Ulstein Mekaniske Verksted, som Martin Ulstein starta i 1917.[2]

Dotterselskapa i Ulstein Group er Ulstein Verft, Ulstein Power & Control, Ulstein Design & Solutions, Ulstein Elektro Installasjon, Ulstein International, Ulstein Belga Marine, Ulstein Asia, Ulstein South America Servicos, Ulstein Sea of Solutions, Ulstein Idea Equipment Solutions, Ulstein Poland, Bronte, Ulstein Marine Equipment (Ningbo), Ulstein Marine Systems (Shanghai) og Ulstein Shipping.

Ulstein Design & Solutions står bak skrogforma X-BOW®. X-BOW® er ein bakovervendt baug utforma for å gi betre handtering i grov sjø og lågare drivstofforbruk. X-BOW® vart tildelt Årets Ingeniørbragd av Teknisk Ukeblad i 2005. Det første leverte skipet X-BOW®-skroglinjeform; Bourbon Orca, eit ankerhandteringsfartøy av designtypen AX104, blei levert i 2006 og fekk mellom annet utmerkingane Ship of the Year Award av Skipsrevyen og Offshore Support Journal.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.