Ulstein Verft AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulstein Verft AS

BransjeSkipsbygging
Skipa1917
LandNoreg
Ulstein Verft i Ulsteinvik
Eit offshorekonstruksjonsskip under utdokking frå dokkhallen ved Ulstein Verft

Ulstein Verft AS er eit norsk, familieeigd verft i Ulstein Group. Verftet ligg i Ulsteinvik på Sunnmøre, eit sentralt område for den maritime klynga på Møre.

Verftet er Ulstein Group sin kompetanse- og utviklingsbase for konstruksjon, samanstilling, utrusting og integrasjon av system og utstyr i skip.

Ulstein Verft spesialiserer seg på å bygge avanserte skip, og har dei seinaste åra bygd kabelleggarar, ekspedisjonscruiseskip, serviceskip til havvindindustrien, yacht og Ropax-hybridferje, i tillegg til fartøy innan offshore olje og gass. Hovudsatsinga er nybygg og større ombyggingar, men verftet tek også på seg service- og ettermarknadsoppdrag som dokkingar, klassing, vedlikehald, reparasjonar, oppgraderingar, sliping, maling, kran- og løftearbeid og ei avdeling i verftet tek også på seg lektertransport og kranløftoppdrag langs kysten.To av dei seinaste leveransane frå verftet er kabelleggingsskipet Nexans Aurora (2021) og ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution (2021).

Med ei teknisk avdeling er ingeniørtenester innan engineering og prosjektering sentrale oppgåver.

Dei stålintensive delane av skroga er sett bort til samarbeidsverft.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verftet vart etablert av Martin Ulstein i 1917 som ein mekanisk verkstad for reparasjon av fiskebåtar. Gjennom meir enn 100 år har verftet bygd mange ulike typar skip, mellom anna fiskefartøy (trålarar, linebåtar, snurparar), hurtigruter, dykkebåtar, isbrytarar og ferjer, i tillegg til offshorefartøy, og seinare offshore fornybar, passasjerskip, yacht og cruiseskip. Sidan starten har verftet bygd meir enn 300 skip. Hurtigruteskipet MS «Polarlys» blei bygd her i 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]