Ulstein kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulstein kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1516
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Ulsteinvik
Areal 97 km²
Folkemengd 7 927 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Jan Berset (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.ulstein.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1516.svg
Ulstein kommune på Commons

Ulstein er ein kommune på øya HareidlandetSunnmøre i Møre og Romsdal, med kommunesenteret Ulsteinvik. Han grensar i aust til Hareid kommune. Mot vest ligg øykommunen Herøy. Mot søraust, over Vartdalsfjorden, ligg Ørsta og Volda.

Bygdene Haddal, Eiksund, Hasund, Dimnøya, Flø, Skeide og Ulstein ligg alle i Ulstein kommune.

Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.

Næringsliv og industri[endre | endre wikiteksten]

Skipsindustrien ber økonomien; Ulsteinkonsernet, Rolls-Royce og Kleven Verft er hjørnesteinsverksemder.

Etter Ålesund er Ulsteinvik det største handelsenteret på Sunnmøre, og tilreisande kjem for å handla.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.

Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.

Ulsteinvik sentrum sett frå Hasundhornet.
Ulsteinvik, sett frå Høgåsen på Dimnøya.
Ulstein kyrkje i Ulsteinvik

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:

1.1.1917[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
2336a 2335a 2477a 2835a 2953a 3436a 4558 5335 5751 6615 7461

a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.

Kjende folk frå Ulstein kommune (alfabetisk)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Ulstein 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ulstein kommune