Ulster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulster
Cúige Uladh
Våpenet til Ulster
Plasseringa til Ulster på Irland
Statistikk
Areal: 24 481 km²
Folketal (2006): 1 993 918
Folketettleik: 81 /km²

Ulster (irsk Cúige Uladh eller Ulaidh; ulster skotsk Ulstèr) er ein av fire provinsar Irland. Provinsen består av ni grevskap og seks av desse utgjer Nord-Irland, medan dei tre andre ligg i Republikken Irland. Dei seks grevskapa i Nord-Irland er Antrim, Armagh, Down, Fermanagh, Londonderry og Tyrone, medan dei tre i Republikken er Cavan, Donegal og Monaghan.

Namnet Ulster vert av nordirske unionistar (tilhengjarar av Nord-Irland si tilknyting til Storbritannia) som regel berre brukt om dei seks grevskapa i Nord-Irland. Eit alternativt namn som vert nytta av unionistar og av mange i Storbritannia er The Province.

Av dei om lag 1,9 millionar innbyggjarane, bur nesten 1,7 millionar i Nord-Irland, og berre omkring 250 000 i Republikken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1600-talet Ulster den siste delen av Irland der gæliske styrkar stod imot engelskmennene. Etter at irane tapte slaget ved Kinsale i 1601, og seinare ved Mountjoy og Dunboy slott, kunne Elisabeth I av England legge heile Irland under den engelske krona.

I 1921, då Den irske fristaten vart oppretta, vart mesteparten av Ulster skild ut som ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Flagg[endre | endre wikiteksten]

Ulster sitt tradisjonelle flagg er nesten identisk med Nord-Irland sitt uoffisielle flagg, som er utvikla frå dette. Den viktigaste skilnaden er at det nordirske flagget har kvit bakgrunn, og ei krone over den raude handa.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Grevskap i Irland

Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo
Munster: Clare | Cork | Kerry | Limerick | Tipperary | Waterford
Leinster: Carlow | Dublin | Kildare | Kilkenny | Laois | Longford | Louth | Meath | Offaly | Westmeath | Wexford | Wicklow
Ulster: Antrim * | Armagh * | Cavan | Donegal | Down * | Fermanagh * | Londonderry * | Monaghan | Tyrone *
* Grevskap i Nord-Irland (andre grevskap er i Republikken Irland)