Ultratopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ultratoppar i verda.

Ein ultratopp er eit fjell med ei skardhøgd eller primærfaktor på minst 1500 meter. Det finst litt over 1500 kjende ultratoppar i verda.[1] Somme av dei er særs kjende, som Mount Everest, Aconcagua og Denali (dei tre fjella med høgast skardhøgd), medan andre ikkje er like kjende. Somme kjende fjell som Matterhorn og Eiger er ikkje ultratoppar fordi dei via høgtliggande skard har samband til høgare fjell, og derfor ei skardhøgd på mindre enn 1500 m.

Omgrepet «ultra» vart gjeve av geovitaren Stephen Fry som studerte skardhøgda til fjell i Washington i 1980-åra. Han nytta då ein definisjon der ein ultratopp hadde ei skardhøgd på minst 5000 fot (1524 m).[2]

Fordeling[endre | endre wikiteksten]

I dag kjenner ein til 1515 ultratoppar i verda: 637 i Asia, 355 i Nord-Amerika, 209 i Sør-Amerika, 119 i Europa (inkludert Kaukasus), 84 i Afrika, 69 i Australasia og 39 i Antarktis.[1]

Mange av dei største eller mest kjende fjella i verda er ultratoppar, som Mount Everest, K2, Kilimanjaro, Mont Blanc og Olympus. Mange store og kjende fjell, som Eiger og Matterhorn er derimot ikkje ultratoppar, fordi dei ikkje har høg nok skardhøgd. Mange ultratoppar ligg i avsidesliggande område, mellom anna 39 på Grønland, dei høgastepunkta på øyar Arktis som Novaja Zemlja, Jan Mayen og Spitsbergen og 136 i Himalaya. I British Columbia har somme av ultratoppane ikkje fått offsielle namn.

Mange ultratoppar har ikkje blitt klatra enno, og Finisterre Range, Sauyr Zhotasy, (mogelegvis) Mount Siple og Gangkar Puensum er dei mest sannsynlege kandidatane som dei høgaste ultratoppane som ikkje er klatra enno.[2][3]

Alle Seven Summits er ultratoppar fordi dei per definisjon er det høgaste punktet på kvar sin landmasse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Maizlish, A. «The Ultra-Prominences Page». Peaklist.org. 
  2. 2,0 2,1 Adam Helman, The Finest Peaks: Prominence and other Mountain Measures, Trafford, 2005, ISBN 1-4120-5994-1.
  3. Maizlish, A. «Antarctic Ultra-Prominent Summits». Peaklist.org.  (See footnotes 3 and 10.)