Ulukke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Togulukke ved Montparnasse-stasjonen i Paris i 1895.

Uhell eller ulukke er ei hending som skjer plutseleg og uventa og fører til større eller mindre skadar. Ulukker finn stad utan at nokon meinte å utløysa dei, men sjansen for ulukke kan aukast gjennom risikoåtferd og reduserast ved hjelp av ulike tryggingstiltak.

Ein kan dela inn ulukker ut frå kvar, korleis eller i kva samanheng dei skjer, til dømes heime- eller yrkesulukker, brann- eller fallulukker, bil- eller båtulukker.

Plakat frå ein haldningskampanje mot ulukker med fyrverkeri.

Ulukker kan førebyggast på ulike måtar, til dømes gjennom åtvaringar, kampanjar og forbod mot risikabel åtferd, bruk av tryggingsutstyr som bilbelte eller sykkelhjelm, og tryggleikstesting av utstyr som bilar og fly.

Ein kan teikna ulukkesforsikring som gjev ei viss erstatning ved skader eller dødsfall som følgje av ulukker. Ved ulukker som kunne vore unngått blir ofte den ansvarlege kravd for erstatting eller, ved grov uaktsemd, straffeforfølgde. Ei ulukkeshending forårsaka med vilje er rekna som sabotasje eller attentat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ulukke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]