Ulvetanna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°51′S 8°20′E
Ulvetanna
fjell
none  Ulvatanna er den høgaste toppen midt i biletet
Ulvatanna er den høgaste toppen midt i biletet
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Fjellkjede Fenriskjeften
Topp Dronning Maud Land
 - høgd 2 930 moh
 - koordinatar 71°51′S 8°20′E
Administrert under Antarktistraktaten
Ulvetanna is located in Antarktis
Ulvetanna (Antarktis)

Ulvetanna er eit spisst fjell, 2930 moh, kring 3 km nord for Kinntanna aust i Fenriskjeften i Dronning Maud Land. Det vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av den norske antarktisekspedisjonen (1956–60) og namngjeve av dei.

Fjellklatring[endre | endre wikiteksten]

Toppen vart nådd første gong i februar 1994 av Robert Caspersen, Sjur Nesheim og Ivar Tollefsen via nordvestveggen.

I november 2006 kom Caspersen og Tollefsen attende i lag med Stein-Ivar Gravdal og Trond Hilde og klatra nordveggen i løpet av 16 dagar. I desember 2008 klatra Alexander Huber, Thomas Huber og Stephan Siegrist opp nordvestsida. I desember 2010 gjorde Valery Rozov eit basehopp frå toppen og flaug i 45 sekund i lufta før han opna fallskjermen. Eit videoklipp av dette ligg på YouTube.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ulvetanna Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).