Umbaelva i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Umba
Умба.jpg
Utspring Umbozero
Munning Kandalaksjabukta i Kvitsjøen
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 123 km
Middelvassføring 78,2 m³/s
Nedslagsfelt 6 470 km²

Umba (russisk Умба) er ei elvKolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Elva er 123 km lang og har eit nedslagsfelt på 6 470 km². Elva har ei middelvassføring på 78,2 m³/s.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva renn ut frå innsjøen Umbozero, som ligg mellom fjella i Khibiny og Lovoziorskije Tundry på Kolahalvøya, 100 km nordaust for Kandalaksja. Frå her renn ho sørover, gjennom eit landskap prega av skog og åsar. Elva vekslar mellom stryk og meir rolege parti, og ho renn gjennom fleire innsjøar, der den største av desse er Kanozero.

Umba renn ut av Kanozero gjennom to separate utløp, rundt 5 km frå kvarandre. Utløpa vert kalla Kitsa og Rodvinga, og det siste deler seg etter nokre kilometer på nytt og dannar enno eit elveløp, kalla Nizma. Kitsa og Rodvinga renn saman igjen i sjøen Pontsjozero. Frå her vert elva igjen kalla Umba, og møter Nizma eit par kilometer lengre nedover elva.

Elva munnar ut i Kandalaksjabukta i Kvitsjøen ved byen Umba.

Den største sideelva er Vjala, som kjem frå Vjalozero og renn saman med Umba 15 km før utløpet i havet.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Umba er kjent som ei særs god lakseelv. Saman med Varzuga var Umba den første elva på Kolahalvøya som vart gjort tilgjengeleg for fisketurisme for utanlandske kundar tidleg på 1990-talet, og infrastruktur og innkvartering for turistar er bygd opp langs elva for å møte denne etterspurnaden.

I dei siste åra har derimot talet på laks gått sterkt tilbake, på grunn av ulovleg fiske frå dei lokale innbyggjarane, årsaka av ei arbeidsløyse på opp mot 90% i kommunesenteret Umba, og forverra av det faktum at det går køyrbare vegar langs heile elva, slik at ho er lett tilgjengeleg.[1]

Umba vert òg nytta til tømmerfløyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]