Umberto Boccioni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett
Unike formar av kontinuitet i rom, bronsefigur, 1913

Umberto Boccioni (19. oktober 188216. august 1916) var ein italiensk målar og skulptør frå Reggio Calabria. Han er særleg kjend som ein av grunnleggarane av futurismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Boccioni begynte å studere design ved eit kunstakademi i Roma i 1901. Han og venen Gino Severini lærte pointillismen å kjenne hos målaren Giacomo Balla. I 1902 reiste han til Paris og studerte impresjonisme og postimpresjonisme. Etter ein tur i Russland i 1906 slo han seg den neste vinteren til i Venezia, der han måla aktstudiar. I tillegg tok han eit kort kurs i teikning ved eit kunstakademi i byen.

Etter han flytta til Milano i 1907 vart han kjend med Carlo Carrà, Luigi Russolo og Filippo Tommaso Marinetti. Sistnemnde vart i 1909 opphavsmann til stilretninga futurisme. Sidan tok Boccioni over som leiande teoretikar for den futuristiske kunstrørsla. Han var sentral bak utgjevinga av Manifestet til futuristiske målarar i 1910 og gav ut Futuristisk manifest for skulptur i 1912. Etter ei futuristisk måleriutstilling i Paris i 1911 begynte han å lage skulpturar og viste disse på ei utstilling i Paris i 1913.

Det sentrale i Boccionis verk var tilhøvet og spenninga mellom objektet og det kringliggjande rommet. Han fornekta førestillinga om klart definerte linjer og ein lukka skulptur; objektet burde brytast opp og gå som om det var i rommet. Skulpturen Forme uniche della continuità nello spazio («Unike formar av kontinuitet i rom») viser korleis Boccioni med dynamiske former fekk skulpturen til å uttrykke rørsle. Formene og flatene i skulpturen tyder på rørsle, uro og fart. Til liks med andre futuristar var også Boccioni sterkt påverka av kubismen, men i sine måleri og skulpturar uttrykte han det dynamiske i både menneske og dyr i futuristiske former.

Boccioni vart under 1. verdskrigen verva til den italienske hæren. Under ei øving i Verona den 16. august 1916 vart han slengt av hesten sin og trakka på. Same dagen døydde han, 33 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Umberto Boccioni