Umeå kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Umeå kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Västerbottens län
Landskap Västerbotten
Del av Västerbotten, Q61669471
Areal 2 396,74 km²
 - land 2 316,61 km²
 - vatn 80,13 km²
Folketal 116 206  (2011[1])
Kart
Umeå kommun
63°50′00″N 20°15′00″E / 63.833333333333°N 20.25°E / 63.833333333333; 20.25
Wikimedia Commons: Umeå Municipality

Umeå kommune ligg på svenske länet Västerbottens län i Västerbotten. Kommunen har grensar til nabokommunane Skellefteå, Robertsfors, Vindelen, Vännäs og Nordmaling. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Umeå. Kommunen er den mest folkerike i Västerbotten og Norrland, og var i 2011 på 11. plass av dei mest folkerike kommunane i Sverige.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har eit skogkledd åslandskap med store myrområde. Fleire dalføre strekkjer seg frå innlandet ut mot ei skogskledd kystlette mot Kvarken og Austersjøen. Ume älv munnar ut ved Umeå.

E4 og E12 går gjennom kommunen. Umeå er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Botniabanan og jernbanelinjen Vännäs–Umeå–Holmsund. Umeå flyplass har daglege ruter til fleire destinasjonar i inn- og utland. Det er ferjesamband til Vasa i Finland.

Samisk språk[endre | endre wikiteksten]

Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[3] og Umeå kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Umeå kommune hadde 20 tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[4]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Umeå 75 645
2. Holmsund 5 482
3. Sävar 2 672
4. Hörnefors 2 573
5. Röbäck 2 300
6. Obbola 2 175
7. Ersmark 1 486
8. Täfteå 1 029
9. Tomtebo 633
10. Innertavle 549
11. Stöcke 477
12. Hissjön 447
13. Sörfors 397
14. Bullmark 343
15. Flurkmark 302
16. Tavelsjö 247
17. Sörmjöle 231
18. Västibyn 219
19. Botsmark 209
20. Stöcksjö 205

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell heimeside