Umesamisk
| Umesamisk | ||
| Klassifisering: | Uralsk samisk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Noreg, Sverige | |
| Område: | Nordland, Västerbotten | |
| Umesamisktalande i alt: | Ca. 10 | |
| Rangering: | Ikkje topp-100 | |
| Skriftsystem: | ikkje skriftspråk | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3: | sju | |
Umesamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Dei få talarane som er att bur i Sverige. Tidlegare vart det snakka også på norsk side. Umesamisk dannar i lag med sørsamisk den sørlege greina av dei samiske språka, desse to utgjer «sørsamisk i vidare forstand». Til skilnad frå sørsamisk er umesamisk bortimot utdøydd.
Grammatikk [endre]
Umesamisk har mindre stadieveksling enn dei nordlegare samiske språka. Derimot har umesamisk, saman med pitesamisk, det same omlydsfenomenet som det sørsamisk har. Det umesamiske negasjonsverbet blir bøygd i tempus.
Historie [endre]
Umesamisk var det samiske språket som først vart skriftfesta, all litteratur skrive på samisk på 1600-talet vart skrive på umesamisk. Det nye testamentet kom på umesamisk i 1755, og den første samiske bibelen, frå 1811, var også på umesamisk. Dette gjev umesamisk ein sentral posisjon i samisk språkhistorie.
Litteratur [endre]
Schacter: Wörterbuch des waldlappischen dialektes von Malå.
www.pitesamisk.no
| Samiske språk |
| akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk |