Umm al-Qaiwain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Umm al-Quwain
إمارة أمّ القيوين
Emirat
Flagg
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Koordinatar 25°59′11″N 55°56′24″E / 25.98639°N 55.94000°E / 25.98639; 55.94000
Areal 755 km²
Folketal 72 000  (2007)
Folketettleik 95 / km²
Emir Saud bin Rashid Al Mu'alla
Tidssone UAE standardtid (UTC+4)
Kart
Emiratet Umm al-Qaiwain
25°33′N 55°33′E / 25.55°N 55.55°E / 25.55; 55.55
Wikimedia Commons: Emirate of Umm al-Quwain

Umm al-Quwain (arabisk أمّ القيوين) er det minst folkerike av dei sju emirata i Dei sameinte arabiske emirata. Namnet tyder to makters morarabisk. Emiratet ligg nord i landet og vert styrt av Saud bin Rashid Al Mu'alla. Emiratet har over 70 000 innbyggjarar og eit areal på 770 km².[1]

Dei fleste innbyggjarane bur i kystbyen Umm al-Qaiwain eller i innlands-oasebyen Falaj Al Mualla, rundt tre mil frå kysten.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Umm al-Quwain har mange arkeologiske funn, mellom anna ved Tell Abraq og Al Dour.[2] Her har ein funne pilspissar og andre polerte flintreiskap, i tillegg til keramikk frå Ubaid. Dette tyder på kontakt med Mesopotamia så tidleg som 4000-talet fvt.

I bronsealderen (3000–1300 fvt.), budde halvnomadiske folk i regionen. Dei flytta seg i grupper få stad til stad og fann tømmer frå akasietre til å smelte kopar. Metallet vart sendt til alle dei viktige hamnebyane i Persiabukta, og Umm Al Nar var ein av dei. Handelen med Mesopotamia førte etter kvart til velstand i regionen.

I bronesalderen blømde jordbruket og dadlar var den viktigaste avlinga. Det vart òg dyrka kveite, hirse og anna korn når det var nok vatn til vatning. Ein trur at klimaet på den tida var meir temperert enn no. I Umm al-Nar-perioden (2500–2000 fvt.), vart det bygd bygningar og festningstårn i Umm Al Quwain. Dei vanlegaste bygningane frå denne tida er sirkelforma graver.

Den moderne historia til Umm Al Quwain byrja kring 200 år sidan, då Al Ali-stamma flytta frå hovudstaden sin frå Al-Sinniyah-øya til den noverande staden midt på 1700-talet, då det vart mangel på vatn. I 1775 grunnla sjeik Majid Al Mualla, som starta Al Mualla-linja til Al Ali-stamma, eit sjølvstendig sjeikdøme i Umm al-Quwain.

Den 8. januar 1820 signerte sjeik Abdullah I ein avtale med Storbritannia, og aksepterte dermed britane sitt proktektorat for å halde dei osmanske tyrkarane borte. Som Ajman, Dubai, Ras al-Khaimah og Sharjah var plasseringa deira ved handelsruta til India viktig nok til at dei vart rekna som ein saluttstat med tre saluttsalvar.

I 1903 kartla Lorimer Traktatkysten. Umm Al Qawain hadde då 5 000 innbyggjarar og vart rekna som eit viktig senter for båtbygging på kysten. Dei produserte kring 20 båtar i året, samanlikna med 10 båtar i Dubai og fem i Sharjah.[3]

Den 2. desember 1971 vart sjeik Ahmad II med naboemirata Abu Dhabi, Dubai, Sharjah, Ajman og Fujairah og danna Dei sameinte arabiske emirata, medan Ras Al Khaimah kom til tidleg i 1972.

Emirar[endre | endre wikiteksten]

Regentar i emiratet har vore:

  • 1775–17?? - sjeik Majid Al Mualla
  • 17??–1816 - sjeik Rashid I bin Majid Mualla
  • 1816–1853 - sjeik Abdullah I bin Rashid Al Mualla
  • 1853–1873 - sjeik Ali bin Abdullah Al Mualla
  • 1873–13. juni 1904 - sjeik Ahmad I bin Abdullah Al Mualla (d. 1904)
  • 13. juni 1904–august 1922 - sjeik Rashid II bin Ahmad Al Mualla (f. 1875, d. 1922)
  • August 1922–oktober 1923 - sjeik Abdallah II bin Rashid Al Muaalla
  • Oktober 1923–9. februar 1929 - sjeik Hamad bin Ibrahim Al Mualla
  • 9. februar 1929–21. februar 1981 - sjeik Ahmad bin Rashid Al Mualla (f. 1904, d. 1981)
  • 21. februar 1981–2. januar 2009 - sjeik Rashid bin Ahmad Al Mualla (f. 1930, d. 2009)
  • 2. januar 2009 - sjeik Saud bin Rashid Al Mualla

Klima[endre | endre wikiteksten]

Frå november til mars er middeltemperaturen 26 °C om dagen og 15 º om natta, men kan stige til over 40 °C[4] om sommaren og når fukta er høg. Det kjem særs lite nedbør, i snitt 42 mm i året. Kystlinja har ein avkjølande solgangsbris om dagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heard-Bey, Frauke (2005). From Trucial States to United Arab Emirates : a society in transition (1941-). London: Motivate. ISBN 978-1860631672. OCLC 64689681. 
  2. «Archaeologists strike gold in Umm Al Quwain». Gulfnews. May 17, 2009. Henta September 2014. 
  3. Lorimer, John (1906). Gazeteer of Gulf of Persia, Oman and Central Arabia. UK: Government of India. s. 1441. 
  4. «Umm Al Quwain Weather». yagulf.com. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Umm al-Qaiwain
Reiseguide for Umm al Quwain frå Wikivoyage