Unabhängige Sozialdemokratische Partei Deutschlands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det Uavhengige Sosialdemokratiske partiet i Tyskland, Unabhängige Sozialdemokratische Partei Deutschlands (USPD), blei skipa i 1917 av krigsmotstandarar i Det tyske sosialdemokratiske partiet SPD. Leiaren for det nye partiet blei Hugo Haase.

USPD samla alle motstandarane av SPD-leiinga si støtte til den tyske krigføringa under første verdskrigen, folk som Eduard Bernstein, Karl Kautsky, Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg. Folk med til dels svært ulike standpunkt i andre spørsmål, men altså samde om ei prinsipiell avvising av støtte til krigføringa.

Venstrefløya av USPD var Spartakusforbundet, med Liebknecht og Luxemburg i brodden. På slutten av 1918 braut Spartakusforbundet med USPD, og skipa Det tyske kommunistpartiet, mot Luxemburgs vilje.

USPD sat saman med SPD i ei provisorisk regjering etter den tyske novemberrevolusjonen i 1918, men USPD trekte seg snart ut da det blei klart at SPD ikkje hadde tenkt å føre revolusjonen vidare over i ein sosialistisk fase. Samtidig var USPD ikkje samd med kommunistane, som i januar 1919 gjorde forsøk på ein oppreist i Berlin, noko som kosta både Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg livet.

USPD gjekk inn for eit kompromiss og ein kombinasjon mellom eit parlamentarisk system og eit arbeidarrådssystem, og fekk stor oppslutning ved valet i juni 1920 som venstresosialistisk parti, med om lag 5 millionar røyster mot SPD sine 5,6 millionar og KPD sine 440.000. Men styrken til partiet skulle også vise seg å vere svakheita deira, nemleg mellomposisjonen mellom ein parlamentarisk og ein revolusjonær politisk kurs. I datidas Tyskland skulle det vise seg vanskeleg i lengda å halde ein slik kurs. I desember 1920 blei partiet kløyvd, da fleirtalet på landsmøtet deira gjekk inn for sameining med KPD. Dei fleste i rest-USPD gjekk inn att i SPD i slutten av 1922. Om lag ein tredel av USPD-medlemmene gjekk med KPD, ein tredel gjekk tilbake til SPD, og ein tredel "forsvann" frå politikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Hovudsakleg E. H. Carr: The Bolshevik Revolution, bind 3, Penguin Books, 1977, ISBN 0 14 02.0751 1, og artikkelen på den tyskspråklege wikipediaen.