Unalaska

Koordinatar: 53°53′20″N 166°31′38″W / 53.88889°N 166.52722°W / 53.88889; -166.52722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

53°53′20″N 166°31′38″W / 53.88889°N 166.52722°W / 53.88889; -166.52722

Unalaska
by
Land  USA
Stat Alaska
Areal 550,828972 km²
Folketal 4 254 (1. april 2020)[1]
Kart
Unalaska
53°52′25″N 166°32′12″W / 53.87361°N 166.53667°W / 53.87361; -166.53667
Wikimedia Commons: Unalaska Island
Kart over Alaska der Unalaska er markert med raudt.
Utsyn over Unalaska, med Dutch Harbour i framgrunnen.

Unalaska er ein småby i Alaska i USA. Han ligg på øyane Unalaska og Amaknak på Aleutane vest i delstaten. I 2010 hadde Unalaska 4 376 innbyggjarar.

Byen dekkjer eit areal på 549,9 km² der 262,4 km² er vatn. Opp mot 59 % av innbyggjarane bur på Amaknak, der ein også finn hamna Dutch Harbour og Unalaska flyplass.

Staden var opphavleg folkesett av unanganfolk, eller aleutar. Namnet «Unalaska» er ei amerikanisering av det aleutiske namnet Ounalashka som tyder 'nær halvøya'. Russiske pelshandlarar kom til Unalaska med Stepan Glotov og mannskapet hans den 1. august 1759. Namnet «Dutch Harbour» stammar frå at russarane trudde eit nederlandsk skip hadde vore her først.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]