Undarheim gard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Undarheim gard
Foto: Jostein Røstbø

Undarheim gardHusnes i Kvinnherad var opphavleg bygt som offisersbustad og stod ferdig i 1824. I ein periode var det sorenskrivarbustad og barndomsheimen til forfattaren Jonas Lie. Seinare kjøpte Christoffer Hoelfeldt Lund og kona Marie huset og sorenskrivargarden og dreiv fram eit mønsterbruk. Dei hadde også jenteskule i eit par tiår. Undarheim gard er i dag eigd av Sør-Norge Aluminium AS, som har restaurert huset. Det blir mellom anna nytta til kunstutstillingar, konsertar, litteraturseminar og andre kulturtilskipingar.

Undarheim gard er eit særmerkt innslag i den moderne industritettstaden Husnes.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]