Under Pressure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Under Pressure
Singel av Queen & David Bowie
frå albumet Hot Space
B-side «Soul Brother»
Utgjeve 26. oktober 1981
Innspelt Mountain Studios i Montreux, juli 1981
Sjanger Rock
Lengd 4:02
Selskap EMI, Elektra
Låtskrivar(ar) Queen og David Bowie
Produsent Queen og David Bowie
Queen-kronologi
«Flash»
(1980)
Under Pressure «Body Language»
(1982)
David Bowie-kronologi
«Up the Hill Backwards»
(1981)
Under Pressure «Wild Is the Wind»
(1981)

«Under Pressure» er ein song frå 1981 spelt inn av Queen og David Bowie. Det markerte første gong Bowie gav ut ei plate i lag med ein annan artist og vart òg gjeven ut på Queen-albumet Hot Space i 1982. Songen nådde førsteplassen på den britiske singellista. Songen vart kåra til den 31. beste songen frå 1980-åra av VH1.[1]

Det var den siste førsteplassen til Queen i Storbritannia før «Innuendo» nesten ti år seinare.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Queen hadde arbeidd på ein song kalla «Feel Like», men var ikkje heilt nøgd med resultatet enno.[2] Bowie hadde opphavleg kome til Mountain Studios for å synge korvokal på ein annan Queen-song, «Cool Cat», som til slutt vart redigert bort fordi han ikkje var nøgd med opptaket. Då han kom fram byrja dei å arbeide i lag og skreiv songen saman.[3] Den endelege versjonen som vart «Under Pressure» utvikla seg frå ein jam bandet hadde med Bowie i studioet hans i Montreux i Sveits og er derfor tilskriven alle fem musikarane. Scat-synginga som dominerer mykje av songen kjem av improvisasjonane som vart gjort under jamminga. I følgje Queen-bassist John Deacon (sitert i eit fransk magasin i 1984), var det meste av songen hovudsakleg skriven av Freddie Mercury, sjølv om dei alle medverka til arrangementet. Den tidlegare versjonen utan Bowie, «Feel Like», finst på mange piratkopialbum og var skriven av Queen-trommeslagar Roger Taylor.

Det er noko forvirring om kven som skreiv basslinja i songen. John Deacon sa (i det japansk magasinet Musiclife i 1982, og i det førre nemnde franske magasinet) at David Bowie hadde laga linja. I eit nyare intervju, seier gitarist Brian May og trommeslagar Roger Taylor at det var Deacon som skreiv bassen. I følgje Bowie sjølv var basslinja alt skriven før han vart involvert.[4] Han vart seinare sampla av Vanilla Ice på singelen hans «Ice Ice Baby» i 1990. Queen og Bowie fekk først honorar for denne singelen først etter singelen hadde vorte ein hit.[5][6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Singel 1981

  1. «Under Pressure» (Mercury, Taylor, Deacon, May, Bowie) – 4:02
  2. «Soul Brother» (Mercury, Taylor, Deacon, May) – 3:38

EMI gav i 1988 ut ein 3" CD-versjon av singelen med «Body Language» som ei ekstra B-side.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I september 2005 skreiv nettmagasinet Stylus at basslinja var den beste i heile pophistoria.[7] I november 2004 skreiv Stylus-kritikar Anthony Miccio at 'Under Pressure' er «den beste songen gjennom tidene» og skidlra han som Queen sitt 'opus'.[8]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det var eit samarbeidsprosjekt, var det berre Queen som først byrja å spele songen på konsertane sine. Bowie valte ikkje å framføre songen før på Freddie Mercury Tribute Concert i 1992, då han og Annie Lennox song songen som ein duett (akkompagnert av dei andre i Queen). Etter at Mercury døydde og Outside-turneen i 1995, har Bowie spelt songen på nesten alle konsertane sine, med bassist Gail Ann Dorsey på Mercury sine vokalparti. Songen vart òg spelt på A Reality Tour av Bowie i 2004, då han ofte tileigna songen til Freddie Mercury. Queen + Paul Rodgers har nyleg òg framført songen. Som regel var det Roger Taylor i lag med Mercury sjølv som song Bowie sine vokal parti då Queen og Mercury framførte songen på konsertane sine.

Konsertopptak[endre | endre wikiteksten]

  • Det første konsertopptaket til Queen av songen var i Montreal Forum i Canada den 24. november 1981. Dette finst på konsertfilmen We Will Rock You. Dette er ein av få gonger på konsert der Mercury nytta falsett i songen på linja «these are the days it never rains but it pours».
  • Eit nytt konsertopptak vart spelt inn i Milton Keynes i England i 1982. Dette kom ut i 2004 på konsertalbumet/DVDen Queen on Fire - Live at the Bowl. Før konserten gjekk det rykte om at Bowie skulle synge sin del av songen i lag med Queen, men truleg var han ikkje ein gong til stades.
  • Seinare spelte Queen inn eit tredje opptak av songen på Wembley Stadium i London i 1986. Dette vart gjeven ut på konsertalbumet/DVDen Live at Wembley Stadium. Igjen gjekk det rykte om at Bowie skulle dukke opp scenen. Eit anna opptak frå same turneen (frå konserten til Queen i Budapest) finst i ei redigert utgåve på albumet Live Magic frå 1986.
  • Under Freddie Mercury Tribe Concert i 1992 spelte dei gjenverande medlemmane i Queen i lag med Bowie og Annie Lennox (for Mercury) songen. Dette vart sidan gjeven ut på DVD i 2002, ti år etter konserten.
  • Ein versjon spelt inn av David Bowie i 1995 vart gjeven ut på bonusplata som følgde somme versjonar av Outside - Version 2. Dette konsertopptaket finst òg på singelen «Hallo Spaceboy» i 1996.
  • David Bowie-DVDen og konsertalbumet A Reality Tour (2003/2010) inneheld ein konsertversjon med bassist Gail Ann Dorsey på Mercury sin vokalparti.
  • VH1 Rock med Queen + Paul Rodgers spelte Under Pressure i lag med «The Show Must Go On», «We Will Rock You» og «We Are The Champions» under ei direktesending.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Under Pressure (Rah Mix)
Singel av Queen og David Bowie
frå albumet Greatest Hits III
B-side
Utgjeve 6. desember 1999
Sjanger Rock
Lengd 4:08
Selskap EMI, Parlophone
Låtskrivar(ar) Queen og David Bowie
Produsent Queen og David Bowie
Queen-kronologi
«Another One Bites The Dust (Small Soldiers Remix)»
(1998)
Under Pressure (Rah Mix) «We Will Rock You»
(2000)

Rah Mix[endre | endre wikiteksten]

Ein remiksa versjon (kalla «Rah Mix») vart gjeven ut i desember 1999 for å promotere Queen sitt Greatest Hits III og nådde 14. plass på den britiske singellista. Denne remiksen inneheld òg nye songar skriven av Brian May og Roger Taylor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

To CD-singlar (ein utvida med multimedia) kom ut 6. desember 1999 og ein 7" biletdisk kom ut 13. desember 19999. Sidan «Bohemian Rhapsody» vann ei kåring The Song of The Millennium, vart denne gjeven ut som B-side under tittelen «The Song of The Millenium/Bohemian Rhapsody»[9]

CDS #1
  1. Under Pressure (Rah Mix)
  2. The Song Of The Millennium / Bohemian Rhapsody
  3. Thank God It's Christmas
CDS #2
  1. Under Pressure (Rah Mix - Radio Edit)
  2. Under Pressure (Mike Spencer Mix)
  3. Under Pressure (Knebworth Mix)
  4. Enhanced section

Listeplassering[endre | endre wikiteksten]

Under Pressure (1981):

Land Topp-plassering Sertifisering
Argentina 1
Nederland 1
UK 1 Sølv
Irland 2
Canada 3
Sør-Afrika 4
Noreg 5
New Zealand 6
Australia 8
Austerrike 10
Sverige 10
Sveits 10
Tyskland 21
USA 29
Japan 88

Under Pressure – Rah Mix (1999):

Land Topp-plassering Sertifisering
UK 14
Nederland 19

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart i 2005 spelt av dei amerikanske alternative rockebanda The Used og My Chemical Romance i lag for til støtte for tsunamien dette året. Songen var opphavleg berre tilgjengeleg for nedlasting, men vart sidan gjeven ut som bonusspor på 2005-utgåva av The Used-albumet In Love and Death og vart mykje spelt på radio i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Songs of the 80's"
  2. Queen - Feel Like demo (pre-Under Pressure) Henta 10. mai 2011
  3. Peter Freestone (2001) Freddie Mercury: an intimate memoir by the man who knew him best s.78. Omnibus Press. Henta 10. mai 2011
  4. Bowie Talks About Under Pressure Henta 10. mai 2011
  5. Westfahl, Gary (2000). "Legends of the Fall: Behind the Music". Science Fiction, Children's Literature, and Popular Culture. Greenwood Publishing Group. s. 100. ISBN 0313308470.
  6. Feature: Has Vanilla Ice been stealing other people's songs?". Smash Hits (EMAP Metro) (12–25 December 1990): 59.
  7. «Stylus Magazine's Top 50 Basslines of all Time». Stylus. September 12, 2005. http://www.stylusmagazine.com/feature.php?ID=1843. Henta 10. mai 2011. 
  8. http://www.stylusmagazine.com/articles/on_second_thought/queen-hot-space.htm
  9. Queenpedia.com
  10. David Bowie - Illustrated db Discography > Compilations: CDs (2004-2007)
  11. YouTube.com