Under the Boardwalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Under the Boardwalk»
Singel av The Drifters
Utgjeve Juni 1964
Sjanger Soul/pop
Lengd 2:45
Selskap Atlantic
8099
Låtskrivar(ar) Kenny Young og Arthur Resnick
Produsent Bert Berns
The Drifters-kronologi
«One Way Love» «Under the Boardwalk» «I've Got Sand In My Shoes»

«Under the Boardwalk» er ein song skriven av Kenny Young og Arthur Resnick og spelt inn av The Drifters i 1964. Singelen nådde fjerdeplass på den amerikanske singellista.

Songen skulle spelast inn 21. mai 1964, men vokalisten i bandet, Rudy Lewis, døydde uventa av ein heroinoverdose kvelden før. Lewis hadde sunge på alle hittane deira sidan Ben E. King hadde forlate bandet i 1960. I staden for å finne ein ny innspelingsdato, vart den tidlegare vokalisten i Drifters, Johnny Moore, ført tilbake for innspelinga.[1] Innspelinga vart ein suksess og singelen gjekk heilt til fjerdeplass på Billboard Hot 100.

«Under the Boardwalk» har vorte spelt inn fleire gonger sidan, mellom andre av The Beach Boys, The Rolling Stones, John Mellencamp, The Undertones, Bette Midler og Tom Tom Club.

Songen er rangert på 487. plass på musikkmagasinet Rolling Stone' si liste over dei 500 største songane gjennom tidene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gammond, Peter (1991). The Oxford Companion to Popular Music. Oxford University Press, New York. s. 165.


488:
 «Rhiannon» 
Fleetwood Mac
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
487

The Drifters – «Under the Boardwalk»

486:
 «How Soon Is Now?» 
The Smiths