Underhalding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Underhaldning)

Underhalding er ei handling eller ein opptreden som har som hovudmål å fanga merksemd og mora dei som ser på eller er med. Ulike typar framføringar, spel, leikar, festar og reiser er døme på underhalding.

Aktørar[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk opera.

Det ein først tenker på som underhalding er gjerne utøvande kunst som er delt inn i aktive utøvarar og passivt publikum. Utøvarane er spesielle; anten er dei velkjende eller dei er svært dyktige. Mange av dei har underhalding som levebrød, til dømes tryllekunstnarar, geishaer eller musikarar.

Andre typar underhalding blir skapt av aktørane sjølve. Dette gjeld mellom anna deltakande dans og idrett, selskapsleikar og rollespel.

Skiljet mellom underhaldarar og underhaldne er ikkje absolutte, noko ein ser i formene utøvarforma barneteater eller innringingsprogramradio.

Stadar[endre | endre wikiteksten]

Inni eit teater.

Underhalding kan ta plass på gata (t.d. gatemusikantar) eller heime, men det finst òg mange stader som er via underhalding: Bygg som konserthus og kinosalar og parkar med vakker natur, dyr eller mange underhaldande aktivitetar.

Visse media er særs eigna og blir mykje brukt til å underhalda. I dag er fjernsynet det viktigaste av desse media, medan radioen var størst i tidlegare tider. Spel og andre aktivitetar på datamaskinar er òg blitt populære former for tidtrøyte.

Tid for underhalding[endre | endre wikiteksten]

I Noreg i dag er det vanleg å setja av tid til å slappa av og nyta underhalding, gjerne kvar dag. I andre samfunn har ein gjerne hyppige festdagar og festivalar som kan gjera kvardagen meir fargerik. Restar av dei mange gamle norske merkedagane finn me på primstaven og i mellom anna julefeiringa. Tidsrom som er særleg via underhalding er feiringane av mellom anna karneval og holi.