Underkjølt regn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Undekjølt regn frys til is når det treffer lekamar. Her har det ført til at stolpar har velta.

Underkjølt regn eller isregn er regn som fell ned i eit luftlag nær bakken med temperatur under 0°C eller underkjølte vassdropar som fell til bakken. Begge desse formene fører til at dropane frys momentant til is. Slik is blir kalla vêris (eller vedis).

Prosessen startar som snø som fell mot bakken, og som vanleg regn smeltar snøen på vegen nedover sidan lufta blir varmare etter kvart som ein nærmar seg overflata. Av og til kan ein derimot ha eit kaldare luftlag nær overflata som gjer at regnet blir underkjølt og så frys når det treffer overflata. Isen kan bli fleire centimeter tjukk. METAR-koden for underkjølt regn er FZRA, medan underkjølt yr er FZDZ.

Om vassdropane frys til is igjen før dei treffer bakken får ein det ein kallar «isregn». Dette er derimot ikkje det same som hagl, som oppstår i skya og ikkje er innom dropestadiet på veg ned mot bakken. Medan hagl oppstår i kraftige cumulonimbusskyer, kan isregn oppstå frå alle nedbørsskyer så lenge lufta under skya er kald nok.

Mekanisme[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis oppstår underkjølt regn i samband med ein varmfront. Den varme lufta blir heva oppover slik lufta mellom skya og bakken (i trykknivået rundt 800 hPa) blir varmare enn luftlaga over og under. Viss adveksjonen er stor nok til at temperaturen i luftlaget kjem over 0˚C, kan den fallande snøen smelte til regndropar. Når ein då har temperaturinversjonar i luftlaget over bakken, og temperaturen på overflata er 0˚C eller mindre, kan desse dropane fryse til is når dei treffer bakken eller lekamar på bakken.

I Noreg er det spesielt dei indre områda som er mest utsett for underkjølt regn.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

Vedvarande underkjølt regn kan føre til straumbrot. Kraftlinjer kan bli dekte av så mykje is at tyngda får stolpane til å velte eller brekke i to. Greiner på tre kan òg knekke under vekta av isen og falle ned på kraftlinjer og andre ting på overflata. Mange planter kan bli skadde av underkjølt regn visst dei ikkje toler vekta av isen.

Isen kan dekke bilvegar og fortau og gjere desse svært glatte og uframkommelege. I motsetnad til snø gjev ikkje våt is friksjon og det skal omtrent ingenting til før ein bil sklir. Sidan underkjølt regn treffer overflata som ein regndrope, vil ishinna som blir danna følgje forma på overflata, og danne eit samanhengande islag.

Viss underkjølte dropar som treffer bakken er svært små, som underkjølt yr, kan det danne seg små luftlommer mellom dei frosne dropane. Dette dannar ein matt og meir kornete is, såkalla rimis, som ikkje er like glatt som klår is. Det same kan ein få i frosttåke

Vanlegvis blir ishinna liggande nokre timar før ho smeltar, men kan av og til ligge i dagevis. Det mest ekstreme tilfellet ein kjenner til skjedde i Connecticut i USA vinteren 1969 der ishinna blei liggande i seks veker.

Underkjølt regn kan òg vere farleg for flytrafikk. Visst eit fly fyk gjennom underkjølt regn eller ei sky med underkjølte dropar vil det raskt samle seg is på propellar, skrog, framsida av venger og haleparti, slik at trekkrafta, oppdrifta og stabiliteten blir svekt. Underkjølt regn på seglbåtar kan få desse til å kantre.


Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Underkjølt regn