Underoffiser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein underoffiser er ein meinig som har fått ei avgrensa befalsutdanning og/eller har fått opprykk i militær grad på grunnlag av kvalifikasjonar og/eller tenestetid. Ein underoffiser står under kommando av ein overordna offiser. Underoffiserskorpset blir ofte rekna som «ryggrada» i militære avdelingar på grunn av den omfattande erfaringa desse gjerne sit inne med.

Underoffiserar gjer teneste som administrativt personell, som rådgjevarar for offiserskorpset og som instruktørar og leiarar for mindre militære avdelingar.

I armear består underoffiserskorpset av alle grader av sersjant og korporal, medan i marinar består underoffiserskorpset av alle nivå av kvartermeistrar.

Militære grader
Land/luft Sjø
Offiserar generalfeltmarskalk · feltmarskalk · generaloberst · general · generalløytnant · generalmajor · brigadegeneral · brigader · oberst · oberstløytnant · major · rittmeister · vingkaptein · kaptein · premierløytnant · sekondløytnant · vingløytnant · løytnant · fenrik storadmiral · admiral · viseadmiral · kontreadmiral · flaggkommandør · kommandør · kommandørkaptein · orlogskaptein · kapteinløytnant løytnant · fenrik
Underoffiserar fanejunker · kommandersersjant · furer · stabssersjant · oversersjant · vingsersjant · sersjant flaggkvartermeister · kvartermeister I klasse · kvartermeister
Meinige soldatar korporal · visekorporal · flysoldat · Meinig Meinig · gast
Anna grenader · kadett matros · kadett